Sunday, September 14, 2014

Aarvak i storfangst og uhell i 1922


Av Johan Kr. Brandal

Den 18. mars gjekk vi til havs ved Halten fyr. Vi fekk berre motvind, så vi brukte åtte døgn før vi kom oppunder isen aust for Jan Mayen. Etter to døgns leiting etter sel, kom vi i storfangst - og best av alt, vi var skute åleine. Alle spekktankane i rommet var fulle av kol, så medan vi fangsta var to mann opptekne med å hale opp kol i pøsar frå tankane. Det som ikkje gjekk i kolbaksane vart styrta på sjøen. For vi måtte ha plass til fangsten. Dette arbeidet pågikk under heile fangstinga. All flåing av dyra gjekk føre seg ombord. Om natta måtte vi telle - og platte ned skinna for å få ryddig dekk til neste dag. Den einaste belysning vi hadde på dekk var ei ankerlanterne med parafinbrennar.


Etter to-tre døgn i fangst, fekk vi sjå s/s "Islys" lenger inne i isen. Den låg også i fangst. Vi heldt det gåande på denne måten i sju døgn. Heile tida hadde vi pent, kaldt ver med frostrøyk over ope vatn. Då var vi fullasta, 5000 kvitungar og 200 gammalsel. Under slike forhold var det godt å ha med kraftkarar som Monrad Pilskog og Knut B. Brandal, dei var skyttarar ombord dette året.

Fleire skuter kom no etterkvart sigende til. Men vi var ferdige, så snart vi hadde gjort sjøklart, vart kursen sett mot Norge. Vi kom til Brandal den 10. april. "Islys" hadde betre fart enn "Aarvak", så dei var komne eit døgn føre oss, dei hadde 4700 dyr. Då spekkinga, som gjekk føre seg med handmakt den tida, var ferdig, og vi var utlossa, gjekk vi til Vestisen igjen, på ny tur. Derifrå bar det til Danskestredet. Mannskapet var omtrent det same som på første tur, men vi var to mann mindre.

I Vestisen fekk vi berre 200 dyr. Vi gjekk til Stredet, men der var det berre tett is over alt, så vi fortsette sørvestover langs iskanten. Vi såg klappmyss inne på isen mange stader, men det var ikkje råd å kome seg inn i isen med skuta.

Ein av dei første dagane i juni fekk vi ein sørauststorm med ein svær sjøgang. Vi låg med to rev i storsegl og mesan. Vi skulle forut for å reve stagfokka då uhellet hende:
Bernt R. Brandal var komen fram på dekk på babordside av formasta, og Knut B. Brandal stod på styrbord side, i le av masta. Jakob Koppen var i bordgangen akter. Eg var på akterdekket og heldt på å ha på meg oljeklær. Då med eitt kom skipper Marø, som hadde stått i styrehuset, byksende bakover galgedekket og ropte til meg:
- Hald deg fast!
Eg treiv meg fast i mesanhalsen som gjekk igjennom bommen og til ei alke. I det same såg eg ein sjø kome veltande over oss - stor som eit fjell. Det vart ein forferdeleg smell, så ein kunne tru
det var berre vraket igjen av skuta. Nokre smøreoljefat av eik, som var surra til babordsrekka, sleit surringane og vart endesette under meg. Men så rett ut hang eg at dei ikkje kom bort i meg eingong.

Jakob Koppen låg under vatn, pressa opp under galgedekket, der heldt han seg fast i maskindøra. Skipperen ropte:
- Gå forut og få ned han Bernt!
Då vi kom fram på dekket, møtte det oss eit fælt syn. Rekka på babord sida låg innover dekket. Lenger framme låg Bernt, han hadde blitt slått inn i vinsja og hadde fått lanternebrettet ned over føtene. Beinet på eine foten var avslått. Lugarkappa var borte, og mannskapslugaren var fylt med sjø. Storseilet hang igjen etter pik-fallet.
Knut vart førd bakover av sjøen, men han fekk huka seg fast i storskjøtet. Den tredje fangstbåten vår forsvann overbord. Byssebenkjen vart lausriven frå kaisinga.
Frivakta kom på dekk, dei var heilt gjennomvåte, men dei hjelpte oss med å surre presenning over det som var igjen av lugarkappa. Bernt vart boren akterut i kahytta. Vi måtte skjere av han alle klærne, sjøstøvlane også. Så vart han lagt i køya til skipperen. No vart det sett kurs for Island, men det gjekk ikkje fort, for både vind og sjø var imot oss. Mannskapet måtte sove på maskinrista og ellers der det fanst ein turr stad.

Då vinden spakna så pass at vi kunne kome fram i mannskapslugaren, møtte det oss triste tilstandar: Der var mørkt som i grava. Køyklærne i alle køyene var gjennomvåte av sjøvatn. Dekket lak som ei sil. Vi måtte ligge i køya med full oljehyre og sydvest på hovudet. Og dersom ein ikkje ville verte våt på beina, så måtte ein ha på seg sjøstøvlar også. Ferskvasstanken vår låg under lugardørken forut, med rør gjennom lasterommet til byssa. Men no var røra frosne, så vi måtte bere vatnet i pøsar. Vi måtte løfte på presenningen over kappa kvar gong vi gjekk opp og ned leideren til lugaren.

Ein viktig mann ombord i "Aarvak" på denne turen var maskinisten, Lars Ellingsæther. Han hadde mange ekstrajobbar i maskinrommet for å halde lensepumpene i gang. Han var då i sin beste alder og ein ekte "kaldtrusk".

Etter seks døgn kom vi til Reykjavik på Island. Så snart vi var inklarert, fekk vi Bernt på sjukehus. Vi vart liggjande der nokre dagar for å reparere skadane vi hadde. Ti rekkestøtter på babord side vart saga av nede ved dekket, så vart det dreve og beka rundt, det vart også gjort med dekket over lugaren forut. Alt arbeidet vart utført av skipperen og mannskapet. Ingen forlangte noko slags ekstra godtgjersle for det.

Kursen vart sett for fangstfeltet igjen, men Bernt vart liggjande på sjukehuset. Vi var heldige og kom i fangst med det same, og vi tok last igjen etter nokså kort tid. Resten av turen gjekk som vanleg. Det eg hugsar best var det dårlege drikkevatnet vi hadde, alle klaga over at det var så brunt - av rust, trudde vi. Men då vi var ferdige med utlossinga i Brandal, og tankane vart hatt på land, då såg vi kva som hadde mangla drikkevatnet. På botnen av tanken låg der restar, skinn og bein, etter ei store-rotte som hadde drukna der. Eg høyrde ikkje noko om at nokon vart sjuk av vatnet, unntatt den kvalmen som melde seg då vi oppdaga årsaka. -

Mannskapet som mønstra på den 10. mars 1922 var:
Skipsførar Kristoffer B. Marø, maskinist Lars Ellingsæther, skyttar Knut B. Brandal, skyttar Monrad Pilskog, stuert Marelius Eltvik, fangstmennene Bernt R. Brandal, Bernt K. Godøy, Johannes Olsen, Jakob Koppen, Otto Sundnes, Bernhard Sigerset, Halfdan Hansen, Johan Kr. Brandal, fyrbøtar Olaf Larsen.



No comments:

Post a Comment