Friday, August 10, 2012

Newfoundland - 30 år sidan norsk selfangst tok slutt

Av Finn Sindre Eliassen

 
Siste året for norsk selfangst på felta ved Newfoundland, var i 1982.  Det året var desse tre norske skutene på fangst der vest: Polarstar, Melshorn og Veslemari.  Sidan den tid har ingen norske skuter teke turen til dette feltet.  Med det var ein æra på 44 år slutt.

 

 
Det var i 1938 det tok til  med  dei  to sunnmørsskutene Polaris og Polarbjørn. Det må nemnast at  der var stimbarkar som hadde prøvt seg  fleire år før. Samson var der i 1912, Lloydsen året etter.  I 1914 til 1916 var Samson og Njørd av garde. Det er interessant at den kjende skipperen Johan Olsen førte Nørd i 1915.  Olsen sa seinare at han aldri i sitt liv hadde sett så svære samlingar av sel som dei han kom over i Belle Isle-stretet mellom Labrador og Newfoundland i 1915.    Lasteskipet Ora prøvde seg også på feltet det  i 1937, alle utan særleg hell.  Dei hadde mellom anna for lite maskinkraft. Men denne gongen gjekk det betre. Både Polaris og Polarbjørn kom heim med full last. Dei kunne fortelje at  der var gode fangstforhold og  greie overseglingar.

Mange  i det norske selfangstmiljøet hadde lenge snakka om å ta den lange
 og harde overseglinga  over Nord-Atlanteren til dei rike fangstfelta ved Newfoundland. Det var mange grunner til å sjå seg rundt etter nye jaktmarker: for mange skuter og hardt trykk  på selbestandane  på dei andre fangstfelta, særleg i Vestisen; i Kvitsjøen var  sovjetrussiske oppsynsskip ei jamn plage; og  det var  generelt  dårleg tider på 1930-talet.

Dei gode røynslene som Polaris og  Polarbjørn gjorde  på prøvefangsten i 1938, gjorde at mange fleire  skuter blei rusta ut året etter, ikkje berre frå Sunnmøre. Også dei nordnorske  skutene  Quest, Isfjell, Selis, Nyken og  Saltdalingen la frå kai  med kurs for det nye fangstfeltet.  Frå Sunnmøre fekk Polaris og Polarbjørn selskap med  den nyleg ombygde Arktos.

Men dette året skulle overseglinga bli alt anna enn grei. Skutene møtte tung sjø og uvêr  med det same dei forlet hamn i Noreg. Dei tre nordnorske skutene Nyken, Saltdalingen og Isfjell som gjekk i lag, møtte kraftig uvêr straks dei hadde passert nord om   Island. Lågtrykka kom på rekke og rad frå vest. Mennene som overlevde, har seinare fortalt at sjøane var høge som fjell.  Nyken  frå Gratangen   var den første som fekk problem i eit drama som varte i fleire døgn.  Sjøen fylte maskinromet,  knuste overbygget og gjorde eit vrak av skuta. Fleire skuter sette kursen mot Nyken, men dei kom for seint fram. Skuta fekk nye brotsjøar over seg og forliste med alle 18 mann før hjelpa kom fram.

Isfjell og Saltdalingen  og forliste også. Men begge  mannskapa  vart redda etter heroiske bergingsaksjonar. Mannskapet på Saltdalingen vart berga  frå ei søkkeferdig skute av Polaris og Polarbjørn. Alle kom frå det med livet i eit drama som seint blir gløymt.  Mannskapet på Isfjell vart tekne om  bord i  passasjerskipet Drottningholm, eigde av Den svenske amerikalinje. Utruleg nok greidde dei å hjelpe alle mennene levande om bord i Drottningholm.
Sjølv om det ikkje noko anna år gjekk så gale som i 1939, seier det seg sjølv  at det var ein risiko å segle over Nord-Atlanteren med små skuter i slutten av februar. Stormane var ikkje det einaste dei måtte passe seg for. Også isfjella var eit faremoment.  Mange er historiene om kollisjonar og nestenkollisjonar  på turane over havet. Det vert fortalt at overseglinga til Newfoundland tok alt frå åtte til 18 dagar.  Johan Gjerde, den kjende maskinisten på Polarstar med meir enn 25 turar til fangstfeltet ved Newfoundland, fortalde til Johannes Alme at kvar oversegling korta livet hans med eit år.
 
Fangsten ved Newfoundland gjekk  føre seg  over fem breiddegrader frå Notre Dame Bay  på Newfoundland i sør, nordover forbi Bell Isle-stretet til nordenden av Labrador-kysten. Nokre år var det ei norsk skute som hadde lov til å fange selungar inne i Golfen. Det var Polarstar.
Isen på feltet var  for det meste  eitt år gammal. Det var ikkje fritt for isfjell. Og litt eldre is kjem drivande frå nord. Men er ein komen inn i isen, er feltet flatt og fint  så langt augo når. Men det var mange grunnar og skjer som skutene måtte passe seg for. Og straumen kunne vere stri.
Dei rike fangstfelta på Newfoundland var  med å endre  den norske fangstfloten, skutene blei bygde  større og sterkare og fekk større laste- og bunkerskapasitet.  Allereie frå starten i 1938 såg reiarane at dette trongst. Det var dei store stålskutene som vart dominerande  på dette feltet. Den første spesialbygde stålselfangaren  var Polarstar som hadde sin første tur i 1949. Men også eldre treskuter vart fornya og forlengde for å brukast på Newfoundland.
Johannes Alme har i boka si «Ishavsfolk si erfaring» intervjua fleire veteranar som hadde lang fartstid frå felta ved Newfoundland. Eg skal her  ta med det meste  av det Nils og Reidar Pilskog fortel. Begge var med Melshorn på siste turen vestover i 1982.

Nils Pilskog,  fødd 1931, var på feltet kvart år frå 1957 til 1976; han fortel:» Newfoundland, isen der borte er langt mjukare enn i Vesterisen, men hardare enn softisen i Austisen. Der finst to år gammal is også der borte, i tillegg til litt fersk havis og isfjell.
Vi kursa som regel for Spotted Island, selkastet var ofte der oppe, ja, i blant heilt inne på Hamilton Inlet, men der var vi forsiktige med å gå så langt inn, både på grunn av holmar og skjer, men også på grunn av den kanadiske fiskerigrensa.  Isdrifta på feltet var ofte oppe i både 20 og 30 nautiske mil i døgnet. Straumen går alltid sørover, og får ein vind i tillegg, som er vanleg, er det fort gjort å verte faste.

Farar der borte var sjølvsagt grunnane; spesielt om det kom austleg vind måtte vi passe på så vi ikkje vart sette inne av isen og pressa innafor. Bell Island-sundet var også farleg, der torde vi aldri legge oss til. Var vi inne og fangsta på dagen, gjekk vi alle tidleg utfor til kvelden, for ikkje å risikere å verte tekne av straumen og førde inn. Også nede på Notre Dame Bay var ein farleg plass. Der pressa isen alltid mot land, og kom det vind også, så pakka det seg utruleg fort. Det var her nede ved Twilling Gate Veslekari, treskuta, forliste. Polaris miste roret her nede den same gongen, det var slikt ispress at det kom opp langs  med sida, så det var berre å ta stropp i det og hive det inn på dekk! Det som skjer her er at isen stoppar mot land, og ein får eit voldsomt press.

Isen går frå nord til sør, og kjem ein for langt inn, så stoppar isen, og ein kan i praksis vere fast berre av den grunn. Det er ikkje vanskeleg å verte fast.

Seinare då vi fekk ein motor på 1500 hk, vart det mykje enklare; då klarte vi å forsere meir is, og kunne vere litt meir avslappa når vi merka at vi var komne vel langt inn i isen. Motorkrafta er eigentleg alfa og omega same kva felt ein er på.

Fekk vi austavind i ungselen på Newfoundland, var fangsten langt  på veg spolert.Klappmysskastet var alltid  50-60 nautiske mil søraust for selkastet!» Så langt  Nils Pilskog.

Reidar Pilskog, fødd 1928, har meir enn tjue turar som skyttar og fangsleiar på feltet; han fortel: «Vi såg aldri isfjell på overseglinga til Newfoundland. Nordlendingane søtt iblant isfjell, men dei gjekk nord for Island for å få medvind.

Polarquest gjekk seg på grunn på Island, det skuldast ma gnestiske forstyrringar, eit fenomen som vissnok er godt kjent. Det var ei stor treskute, med halvdekk både foran og akter.

Vi brukte å kurse for  South Wolf Island – det er ofte på Hamilton Inlet selkastet vert funne. Iblant var her lite is, og då var fangsten ofte langt inne.  Der var også skuter som vart tekne for å vere innafor grensa.

Sjølv om vi vart faste i nærleiken av fangsten, så var folk på isen og fanga dagleg. Har også vore med på at vi har vore inne i isen, men gjekk ut på grunn av dårlege meldingar. Det var meldt nordvest, vi gjekk ut, og kom rundt South Wolf Island , og kom oss inn på austsida, og fekk fortsette fangsten, og fann også att fangsten vår som låg på isen. Den nordvesten sette nordvesten så hardt saman at skuter vart sette opp imot øyane, og dekk på skuter  vart pressa opp. Selkastet kunne verte funne lenger sør også, men Notre Dame Bay var liksom skrekken, der samla isen seg og kunne lage eit enormt press. Det var der nede Veslekari forliste, og Polaris miste roret. Det same var eigentleg heil vegen nedover; kom skutene for langt inn i isen, så kunne dei verte sette inne, og måtte følgje isen og straumen nedover. Kom innom både Gråøyane og Bell Island. Isen kunne drive med både 20 og 30 nautiske mil i døgnet, nordveststormar. Det var om å gjere å ikkje kome for langt inn i isen.

Eit år stoppa vi med Belle Island, kastet kom nordanifrå, vi låg og passa på og plukka dyra som kom drivande, men kom ein for langt inn, måtte ein følgje isen inn og gjennom Belle Island-stretet. Og kom ein gjennom der, måtte ein gå rundt, ein kunne ikkje gå ut Strait of Belle Island. Eit år tidleg møtte Polarstar klappmyssen heilt nede ved Funk Island. Då kom dei frå Golfen. Det er eksempel på skuter som vart faste på Hamilton  og som ikkje kom seg lause før dei var nede på Notre Dame Bay, og på veg austover ved Fogo Island. Når skutene var faste slik, kunne dei verte sette imot både skjer og holmar og isfjell, utan å kunne gjere noko som helst. Dei kunne vere så oppskrudde at dei måtte forlengje inntaket for å få kjøling på motoren.

Pass på å ha dønning og følg med fargen på sørpa; vert ho kvit, er det fare på ferde – det er ein god leveregel på ishavet.Polarhav og Polaris låg lenge faste der nede. Trur det var Jonsok før dei var heime. Eit år måtte vi heilt ned til Funk før vi fann selkastet. Nord for Funk var det straum inn, og der måtte ein passe godt på for ikkje å verte dregen inn og sett fast. Mykje holmar og skjer inne, men utan kart og fast i isen har ein ikkje noko ein skulle  sagt.

Generelt lagar sørleg vind og nordleg straum rimeleg bra forhold.Største faren på Newfoundland er isfjella og grunnane. I år med lite is kunne in oppleve at ein måtte inn på bayane for å fange, og det braut rundt dei. Det verste er å liggje fast og verte ført med isen. Det hendte oss eit år vi vart faste og vinden sette oss  imot eit skjer rett nord for Belle Island, til slutt vart vi førde på utsida. Vi kjente at skuta hogg nedpå ein gong, men heldigvis fekk vi ikkje nokon skade.

Eit år låg vi nordaust for Gray Island, og då hadde det snudd. Isen sette saman og vi gjekk for full maskin utover, likevel var det berre så vidt vi kom oss ut før det var for seint, og hadde vi vorte faste då, hadde vi vorte liggande lenge. Ei skute som var i lag med oss, vart sett fast og måtte få floge ut mat utpå sommaren for ikkje å svelte.

Det var eit rikt felt og eit fint felt å fange på.Isfjell ein såg og møtte på Newfoundland, var ein god del mindre enn dei som var i Danskestretet, dessutan var det mindre av dei. Likevel var dei eit faremoment. Om isfjella stod på grunn, kunne skuta om ho vart fast i isen verte sett imot isfjellet, eller på andre måten: om ein låg fast i isen og eit slikt isfjell, gjerne ustabilt, kom med straumen imot skuta, kunne ein verte knust og forlise. Eg har høyrt om fleire andre skuter som har rekna med å verte tekne av isfjell på Newfoundland, men så langt eg kjenner til, har det alltid gått bra.

Også påskestormane som var tradisjonelle i Vesterisen, kunne vi merke på Newfoundland. Og i 1959 då eg var skyttar på Jan Mayen med skipper Ole Follestad, venta vi til første påskedag (29. mars, red. merk.)  før vi gjekk frå Newfoundland og stor dønning etter stormen hadde vi heile vegen heim att.»
Så langt veteranen Reidar Pilskog.

At der var pengar å tene på Newfoundland, har eg eit personleg minne om. Våren 1964 kom ein kamerat og jamnaldring heim frå Newfoundland etter ein stortur med  Polarbjørn. Det var  gode prisar på skinna det året.  Og kameraten min fortalde at han hadde  ein lut på kring kr 20 000. Det var mykje pengar den gongen. Men eg hugsar godt at dei fekk føter å gå på. Mange føter. Vi var mange  den sommaren som hjelpte til med å bruke opp pengane han hadde tent.  Med åra blei fangsten ved Newfoundland regulert for å sikre selbestanden.  Havforskar Birger Rasmussen som nokre av oss sikkert hugsar, hevda i 1962 at selbestanden ved Newfoundland hadde vorte halvert siste tiåra. Det og andre ting førte til at  kandiske styresmakter avkorta fangsttida.  Så skjedde det at Kanada utvida fiskerigrensa.  Det blei også forbode å fangste i Golfen på slutten av 1960-talet. Det kom reguleringar på fangten av vaksne dyr. Det enda opp med skutene fekk kvotar å halde seg til.  I tillegg til vanskelege tider for selprodukt, gjekk dette  på lønsemda laus. Ingen norske skuter har fangsta ved Newfoundland sidan  Melshorn, Veslemari og Polarstar kom heim i 1982. Ein æra var til endes.

Kjelder:
Ellefsen, Einar S. Og Berset, Odd: Veslekari, en fortelling om is og menn.
Alme, Johannes Bjarne:  Ishavsfolk si erfaring.
Ottesen, Johan:  Skuter på selfangst,

1 comment:

  1. Var nylig i Gratangen og så minnestøtta for Nyken, se https://www.strindahistorielag.no/wiki/index.php?title=Motorkutteren_Mykens_forlis

    ReplyDelete