Sunday, September 16, 2012

Gripen av Grønland



Turid Karlsbakk

Ved midnatt mellom 13. og 14. juli 1927 la båten Hird frå land i Ålesund med seks fangstmenn om bord. Dei var klare for å erobre ukjende jaktområde på Nordaust-Grønland, og få oppfylt draumane sine om rikdom.

Men alt gjekk ikkje etter planen. Eitt år vart til to, og dei fekk prøve ut eigne grenser både fysisk og psykisk gjennom ugjestmilde møte med vintervêr.
Ein av mennene var Jonas Karlsbakk frå Mauseidvågen. Kvar dag i åra han overvintra i Eirik Raudes Land skreiv han i dagboka si.
Fullskrivne kladdebøker med vêrobservasjonar og dokumentasjon over hendingar. Dette gjev eit levande bilete av kva fangstmennene gjorde på Grønland og korleis dei overlevde i åra frå 1927 til 1930.

I 1990 var dottera, Turid Karlsbakk, så heldig å få vere med eventyraren Ragnar Thorseth på det som vart annonsert som, «ein fotosafari i spora etter dei gamle fangstmennene på Nordaust-Grønland». Dette vart hennar livs seglas.

Turid Karlsbakk frå Ørsta er fødd i 1945. Ho har no skrive boka «Gripen av Grønland» -I spora til far 63 år etter. Boka er rikt illustrert med bilete både frå Jonas og Turid sitt opphald på Grønland.


Søndag 30. september vert det boklansering med foredrag på Ishavsmuseet i Brandal. Turid held foredrag og syner fantastiske bilete frå det spanande landet der nord som hadde så mykje og seie for Sunnmøringane i fangstmannsperioden 1908-1960.

«Grønland gjer noko med deg, den som har vore der vert aldri den same meir», seier Turid. Søndag 30. september held Ishavsmuseet ope frå kl 12.00 til 17.00 med sal av kaffi, kaker og søndagsmiddag. Ta med familien og kom! Arrangementet markerar også sesongavslutning på Ishavsmuseet som har lagt bak seg ein fantastisk turist-sesong med nye besøksrekordar.  

No comments:

Post a Comment