Tuesday, July 31, 2012

Ishavet

Av Anna Josefin Jønsson

Det er noko med havet som gjer at eg lengtar ut, ut i verda, ut å oppleve. Eg kan sitte lenge berre å sjå på bølgene. Det er noko med ishavet spesielt, som eg kjenner ligg djupt inne i hjartet. Isen, motet, historia, dei barske forholda, naturen og skutene. Og gutane, som unge drog fryktlause til det kalde nord. Alle skjebnene, konene som venta heime og alle dei nesten ufattelege historiene om livet i isen.


For når eg går rundt på her på muséet om morgonen og slår på alle lysa, så er det nesten som om eg høyrer det susar litt i veggane. Eg ser for meg det yrande livet som gjekk føre seg på denne sjøbuda, korleis skutene låg utføre og all trafikken som var her, i sentrumet av selfangstnæringa vår. Eg stoppar alltid opp og ser litt ekstra på biletet av Peter S. Brandal, min tippoldefar, og undrar meg over kor modig han var. Korleis han tørte å satse på noko som ingen her hadde gjort før. Å fare i isen med ein liten seglbåt. Starte noko som skulle bli så stort. Og i tillegg bli kompis med Roald Amundsen! Eg syns det er fint å tenke på, for på ein måte er det eit bevis på at du kan klare det du vil klare. Kanskje det er derfor historia om ishavet og dei modige menn gjer slik inntrykk på meg. Kanskje det er derfor eg kjenner det så djupt inn i hjartet, kanskje er det derfor eg vert inspirert av å vandre rundt på muséet når det er heilt stille og eg er heilt åleine.

Eg er så stolt av slekta mi, av å vere ein del av det heile og over alt Ishavsmuséet får til. Og den historia som muséet fortel. På mange måtar syns eg at eg har eit visst ansvar her, formidle historia vidare. For om ikkje min eigen generasjon viser interesse og ”tek over”, er det mange ting som blir gløymde når dei eldre ishavsskipperane ikkje er her og kan fortelle oss om det utrulige livet på ishavet.
           

Kvar dag lærer eg noko nytt her. Kvar dag oppdagar eg nye gjenstandar. Kvar dag går det opp for meg at dette har ein utruleg stor historisk verdi. Eg jobbar litt med registrering og arkivering, for øyeblikket driv eg å sorterar gamle skipsdagbøker, regneskapsprotokollar og anna papirarbeid. Enorme bøker som er så tunge at eg klarer berre ei i gongen. Men inn i mellom stablar med rekneskap frå relativt nyare tid, dukka det opp ei bok som nesten ikkje hang saman. Den var i frå 1925, og det var Peter S. Brandal sin regneskapsprotokoll. Alt sirlig oppført, og eg sat med andakt og bladde litt i boka. Plutseleg falt det ut eit blad, heilt intakt og lesbart. ”Farmand – norsk forretningsblad” frå 1931, adressert til ”Peter S. Brandal, Brandal, Söndm”. Det er slike ting som gjer dagen litt bedre. Det er som å oppdage små skattar, heile tida. Og det er eg så heldig å få gjere, til dagleg.

Min store draum er å fare opp til isen, oppleve ishavet. Men kanskje er det akkurat det eg gjer no, her på Ishavsmuséet.

No comments:

Post a Comment