Av Havtor Hofseth
Skuta vart bygd
ved Skålurens skipsbyggeri i Hardanger i 1911. Måla var 83,1 fot lengde og 20,6
fot breidde. Hovudmaskina var ei 50 hk dampmaskin, bygd ved Brunholmen Mek. i
Ålesund.
"Brandal"
er den skuta som har vore lengst heimehøyrande i Brandal. Ho var første gongen
på selfangst i 1911, og den siste turen var i 1979.
Skuta vart
rekvirert av tyskarane under siste verdskrigen. Under tysk kommande
grunnstøytte ho ved Sandnessjøen i Nordland. Etter å ha lege på botnen i lang
tid, kom skuta til Hatlø verksted som havarist. Ho var i dårleg forfatning,
tilgrodd av tang og tare. Arbeidet starta våren 1944.Skuta vart slippsett,
spylt og reingjort og kappa i to deler for å bli forlenga. Dette likte
tyskarane dårleg. Dei meinte at skuta ikkje kunne stå på slipp så lenge. Dei
hadde bruk for slipplassane til "sine" skip. Men verftsleiinga fekk
hafsa dei av slik at fornyinga kunne ta til.
Det var mangel på
alt slag under krigen, så arbeidet gjekk litt i rykk og napp. Dei reiv litt og
bygde nytt. Dei måtte drage ut tida. For vart skuta ferdig før krigen var
slutt, ville tyskarane rekvirere henne. Så det var mange omsyn å ta. Så skikkeleg fart på arbeidet vart det ikkje før
i februar 1946.
Tømmer var det
vanskeleg å skaffe, men Martin Karlsen hadde visstnok sildemjøl på lager som
han kunne byte mot tømmer. Dei brukte for det
meste furu, men også eik og ask som vart brukt i baug og akterstemn og
som kjøl. Ishuda var av greenhard og eik. Furutømmeret kom for det meste frå
Skodje. Aska fekk dei frå prestegardshagen i Borgund. Då brukte dei
Gunnhild" som taubåt. Ho drog tømmerstokkane på sjøen og slepte dei til
Ulsteinvik. Det er også dei som meiner at noko av tømmeret kom frå den fine
askealleen som førte fram til gamle prestegarden i Dimnasund.
Men om dette
tømmeret var til "Fangstmand" som fekk ny akterende omtrent på same
tid, eller om det var til
"Brandal" er vi ikkje sikre på. Men tømmeret vart i alle fall felt og
drege ned til sjøen med hest. Så vart det slept til verftet med slippjollen -
det var ein robåt . Verftet hadde også ein arbeidsbåt med motor, som heitte
"Kobben". Den vart også brukt som slepebåt når dei hadde drivstoff.
Då dei ikkje hadde kraner, måtte dei ta tømmerstokkane fram på ei slipprenne og
på denne måten drage stokkane i land.
Etter at tømmeret
var kome på land var det å gå laus med tomanns handsag og deretter hogge
stemnane til etter teikningane. I snikkarverkstaden var det kun ei lita
bandsag, driven av ei reimskive frå maskinverkstaden. Elles var det skavøksa
som var mykje brukt. Dei kalla det å diksle når dei hogg til hud og spant.
Handemakt og taljar var brukt når dei skulle røyse dei svære spanta.
Å montere ishuda
var også eit møysommeleg arbeid. Greenharden var så hard og veden så full av
sand at det knapt fanst verktøy som beit på den. Greenharden var så tung at han
flaut ikkje i sjøen. Der det var kurvatur i skutesida, måtte kvar einskild
planke stimast for å få mjuka han opp.
Men det var ikkje
berre tømmermannsarbeid på ei ishavsskute. Det var også mykje smiarbeid for å lage beslag, boltar og hakar av ymse slag. Og
bauklavane var det spesielt mykje smiarbeid på. Då tok dei essa ned i slippen
for å varme opp klavane til dei var glødande. Så var det å smi dei til etter
baugprofilen.
Der var sjølvsagt
også ein del rør- og maskinarbeid.
"Brandal" var på mange måtar ei skute med mange nye og
banebrytande ting. Styrehuset var til dømes bygt i aluminium, noko som var nytt
den gongen. Elles var ho første skute med stålmast og tønne av aluminium med
varme i botnen. Det var ei opa tønne. Det var visstnok Grepa i Ørsta som
leverte varmeomnen. Desse aluminiumstønnene vart også ein eksportartikkel.
Mange av kvalbåtane frå Sandefjord og Tønsberg fekk dei montert og brukte dei i
Sørishavet. Det var Johannes Sundgot - kalla Bryggen - som bygde alle styrehus
og tønner i aluminium ved Hatlø verksted. Der var sentralvarme i alle lugarane
akterut og i rorhuset. Der var også klosett og dusjrom ombord. Skuta var også
utstyrt med balanseror.
For å røyse den
svære masta med tønna i toppen, måtte dei forhale skuta til Teigenebuda, der
dei brukte vindene og taljar for å få den opp. Martinus Larsen spleisa wirane
og staga som måtte til for å halde masta på plass.
Ferdig ombygd var
skuta tidleg i mars 1947. Ho var 112,2 fot lang og 22,6 fot brei. Der var igjen
kun eit eller to spant av den gamle skuta. Elles var alt nytt. Hovudmotoren,
ein 375 hk Crossley, vart innmontert, den tok dei frå ein gamal engelsk
minesveipar. Det var faktisk vanleg i denne tida å kjøpe inn utrangerte,
engelske minesveiparar berre for å bruke hovudmotoren. For å få hovudmotoren
ombord måtte skuta slepast til Flatholmen ved Ålesund. Der hadde Tafjord kraft
ei svær kran som dei brukte til transformatortransport. Dei fleste verfta på
Møre nytta seg av denne krana til tyngre løft. Slik var det også med
"Brandal". Motoren vart sett ned i lasteromete og så vart den sliska
att til maskinromet gjennom ei luke i skroget.
Farta var 9,5 knop lasta.
Arbeidstida var
den gongen frå 0730 til 1700 med ein time middagstid. Det var mange som gjekk
ut til verftet med middagsmat til sine. Laurdagane var arbeistida frå 0730 til
1300 med ei kort pause i mellomtida. Ferien var ei veke i året. Timeløna for
ein fagmann var kr. 1,00 . I dag er ho om lag kr. 130,00. Under krigen var det
om lag 50 tilsette ved Hatlø verksted. Hallvard Barstad var med å bygge om
skuta, og han var også med på første turen i Vesterisen etterpå. På verftet
tente han kr. 0,42 pr time.
I 1947 var første
turen i Vesterisen etter forlenginga.
Det vart ein kjempetur og då var "Brandal" siste skute som kom
fram til isen og den første som kom heim. Frå bygdene våre var mellom andre desse med:
Skipper: Martinus
Brandal frå Hareid.
1.skyttar: Sverre
Moldskred frå Brandal
2.skyttar : Bernt
Runne Brandal frå Brandal
Maskinist: Jon
Røren frå Ulsteinvik
Assistent:
Lidvard Røren frå Ulsteinvik
Smørjar: Steinar
Hovlid frå Hareid
Stuert: Elias
Urke frå Ulsteinvik
Fangstmenn:
Hallvard Barstad frå Ulsteinvik
Odd Hatlemark frå Ulsteinvik
Asbjørn Saunes frå
Ulsteinvik
Hallvor Bigseth frå
Hareid
Magnulf Bigseth frå
Hareid
Ottar Brandal frå Hareid.
Siste turen i
isen for "Brandal var i 1979.
Skipper var Bjarne Liavåg frå Brandal. Då kom ho heim med assistanse og
store lekkasjar i akterskipet. Ho vart kondemnert same året og søkt i Gangstøvika. Masta med tønne vart redda i
land og står i dag ved skulen i Brandal.
No comments:
Post a Comment