Av Helge Ødegård.
Vesterissesongen 1940 var eg fangstmann
om bord i ”Buskøy” frå Vartdal. Eg var då mellom 16 og 17 år. Dagen den 9.
april hugsar eg godt enno. Selfangsten i Vesterisen var ujamn dette året. Dei
beste skutene med kraftige maskiner hadde til dels gode fangstar av sel og
kviting. Dei gamle skutene med svake stimmaskiner hadde stort sett lite fangst.
Då vi kom fram til 9. april hadde vi drive med plukkfangst nokre dagar.
Plukkfangst, det ligg i ordet, stort sett å fange enkelt dyr. Det kan variere
frå 30-40 til nokre hundre for dag, ja dårlegare dagar kan det bli berre nokre
få dyr. Det er mest Blueback som blir fanga slik. Ein går langs iskanten og
plukkar dei dyra ein får auge på.
Den 9. april starta som vanleg. Det var
vaktskifte kl. seks om morgonen og straks det vart lys nok gjekk
førsteskyttaren i tønna og begynte å leite etter Blueback. I slik fangst var
det vanleg at skipperen låg til litt før frukost, om lag kl åtte om morgonen.
Men denne dagen var skipperen tidleg vaken. Han gjekk til bestikken og slo på
radioen på mellombølgja. Normalt skulle der ikkje vere noko på mellombølgja så
tidleg på dagen, det var vanleg å lytte på fiskeribølgja. Det måtte vere noko i
kveldsnytt 8. april skipperen hadde merka seg.
Eg stod framme ved luka å flådde ein
Blueback då eg fekk sjå skipperen kome ut frå styrehuset heilt illraud i fjeset
og nedover halsen. Eg lurte på kva det var han var forbanna for, han vart raud
i fjeset når han vart sint. Men han skreik ut: ”Det er krig!
Tyskarane har gått i land fleire plassar i Noreg”. Han ropte også opp til
skyttaren; ”det er krig!”. Eg minnes Sandvik svara; ”krig, ja vel”, så eit par
sekund seinare til rormannen, ”kom litt styrbord”. Dette med krig var så
uverkeleg, vi fatta det liksom ikkje. Vi fortsette med fangstinga om lag som
ein normal dag. Dei som ikkje var opptekne med fangst eller hadde rortørn sat
mykje å høyrde på Vigra radio. Enno kan eg ikkje fatte at vi ikkje purra
frivakta og fortalde kva som hadde skjedd. Men frivakta vart ikkje purra før
til vanleg tid. Fem timar seinare fekk dei vite det. Frivakta tok meldinga vår
som ein spøk. Fyrbøtaren vart sint, ”slikt er alt for alvorleg og spøke med” sa
han. Ja, fyrbøtaren, han Lars, var litt eldre, var vel midt i 30-åra kan eg
tenke meg. Så i forhold til oss 16-17 åringane var han gamal. Lars var nygift,
tok krigen tungt og tenkte på dei heime. Denne dagen, den 9. april, gjekk omtrent
som ingen ting skulle ha hendt. Eg kan ikkje huske om vi såg den tyske
selfangaren ”Sachsen” den dagen, men vi var nok i same farvatn.
Når eg tenker på denne dagen, ja, det
blir liksom så rart og uverkeleg kor seint vi vart klar over kva som hadde
skjedd. Eg vil nok tru at dei som var eldre oppfatta kva som var skjedd, men
den første dagen var det liksom som vi ikkje reagerte i det heile. Då vi fekk frivakt kl 12 gjekk vi til
køys som vanleg dei fleste av oss. Skipperen brukte radioen som vanleg. Hadde
tyskarane hatt der eit kaperskip hadde dei peila inn heile selfangstflåten på
eit blunk. Når det leid ut på kvelden hadde vi samla oss litt og det var mange
som forbanna Tyskland og Hitler. Men den 9. april var stort sett ein dag
med vanlege vakter og fangsting. Men ein ting var uvanlig denne datoen,
skipperen var nesten ikkje i tønna for heile dagen. Det var nok ikkje greitt å
vere skipper når slikt hender med kjerring og ungar heime, og ansvar for
mannskap og skute.