Showing posts with label Brandal. Show all posts
Showing posts with label Brandal. Show all posts

Sunday, April 5, 2015

Selfangsten ved eit vendepunkt?


Av Webjørn Landmark

Det har vore drive selfangst langs kysten vår i fleire tusen år. Dei første som slo seg ned ute i havgapet, langs ein langstrakt kyst, gjorde truleg dette nettopp for den lette tilgangen til, og store førekomsten som var her av sel. Selen var lett å fange og gav mykje næringsrik mat til eit veksande kystfolk, sjølv om det truleg var feittet som var det viktigaste også den tida. Feittet frå selen var viktigaste kjelde for oppvarming av både telta i steinalderen, og dei første hus som kom opp langs med kysten. Ei god kjelde til lys var det også. Den rike tilgangen på spekk var viktig for at kystfolket kunne bo der ute også vinterstid.

Seinare måtte selfangaren over store hav for å sikre same tilgangen. I nyare tid kom Noreg med i selfangsten med nokre turar frå 1790 av. Det var handelsmann Buck som stod bak desse første turane, men først i 1819 kom starten på det vi kan kalle ein kontinuerleg selfangst frå Noreg. Sven Foyn kom med i selfangsten frå 1846, Tromsø kom snart etter og frå 1898 var Sunnmøringane også kome med. Det var no det for alvor vart satsa på selfangsten. Sunnmøringane forstod raskt at skulle ein få lønsemd ut av fangsten måtte ein i gang med å bygge spesialskuter til selfangsten. Frå 1910 av vaks det fram ein stor flåte med selfangstskuter spesialbygde for selfangst. Det vaks fram ei ny næring som fekk stor økonomisk betyding for heile landet. I Ishavsmuseet sitt fartyregister er det registrert 472 skuter som har gått på selfangst frå Noreg. Legg ein til kva desse skutene har hatt bruk for av utstyr, reperasjonar osv. er det ikkje vanskeleg å sjå kor viktig næringa har vore.

I toppåret 1925 fanga Noreg 400.000 sel. I 1970 var talet 163.000, og ti år etter var det kome ned i 60.000 sel. I 1990 var same talet 15.000 sel, og i 2014 var det fanga knappe 12.000 sel. Sjølvsagt var det i periodar ei overbeskatting på sel, og over tid fekk næringa dårleg rykte og kom under kraftig press frå mange kantar. Dyrevernorganisasjonar verda over gjorde seg gode pengar på å gå i protest mot Norsk og Kanadisk selfangst.  Men hadde næringa fortent dette dårlege rykte? Neppe. Alle som har kjennskap til selfangst veit at sel vert avliva på ein human og god måte. I dag vert selen avliva tre gongar. Først vert det skoten, så slått med hakapiken, for til slutt og verte blodtappa straks.

Slutt på selfangsten?
Regjeringa Solberg har bomma, og gir truleg etter for press frå EU og ekstreme dyrevernarar, og avviklar norsk selfangst når dei no kuttar all støtte til denne tradisjonsrike næringa. Det blir då vanskeleg å drive vidare. Vi har ein unik selfangst-tradisjon som med eit pennestrøk er i ferd med å bli nedlagd. Det som er minst like urovekkande er at regjeringa samstundes bidreg til å fjerne det store kompetansemiljøet på drift i arktiske strøk.

I budsjettforslaget er heile støtta til Norsk selfangst borte. I 2014 var støtta på 12 millionar kroner. Selfangstnæringa har siste åra vore driva med 80% statsstøtte, og vert den fjerna er det klart konsekvensane vert store. Det er lite truverdig at det skal vere nasjonaløkonomiske grunnar til å kutte all støtte til selfangst, i eit land som fløymer over av pengar.

-Ein absurd skuffelse
Dette var orda til selentusiast og innehavar av Polargodt i Tjørvåg, Arnfinn Karlsen, då nyhenda om kutta til selfangsten vart kjend. Karlsen har bygd opp eit komplett og flott anlegg for mottak av selprodukt. I dag det einaste godkjende anlegget i Noreg for mottak av sel. Karlsen seier at det beste nok hadde vore at støtta hadde blitt redusert til 50% statsstøtte. Dette ville ha ført til meir kreativitet og utvikling av nye produkt. Selnæringa er avhengig av at kvaliteten vert auka i alle ledd. Karlsen seier vidare at det er stor marknad for selskinn, spesielt i Austen. Han er godt i gang med å produsere spanande produkt av fangsten på 4100 sel som han tok i mot frå «Havsel» i 2014.

Den største verdien ligg nok i seloljen som er eit fantastisk og ettertrakta produkt i helsekostmarknaden. Seloljen har vist oppsiktsvekkande gode resultat i fleire medisinske studiar. No har Kina også begynt å etterspør selolje, og her er marknaden enorm. Produkt av sel er ein fantastisk ressurs. Ikkje noko anna dyr kan måle seg med ein perfekt steikt og saftig selbiff! På Ishavsmuseet har vi med jamne mellomrom selkjøt på menyen. Dette kan vere både til turistbussar, under polarkveldar og høgtidssame samankomstar. Dette er selkjøt i ulike former, men mest populær er nok stuerten si gryte med
biffstrimlar av sel. «Omega 3 i brun saus», som ein tidligare selfangar sa det.

Selfangstskipper Bjørne Kvernmo på «Havsel» har nyst vore på Ishavsmuseet og helde foredrag. Han fortel at det alt i dag vert drive med små lønningar og idealisme. Vår sterke oppmoding må vere å få attende støtta til norsk selfangst. Og den må vere stor nok til at både selfangar, reiarlag og mottak kan overleve og føre dei rike tradisjonane vidare. Fødselsoverskotet av sel er enormt. Bestanden er i sterk auke, og årleg reknar ein med at det i Vestisen vert fødd om lag 80-90.000 sel. I 2014 fanga tre skuter 11.980 sel samla.

Isflaket har i første utgåve 2015 med ein artikkel frå Mariann Mathisen om «Monumenter over selfangst», ein flott artikkel om «Polsjerna» og «Aarvak», to fartøy som i dag begge er komne på museum og minner om selfangstnæringa si store tid.

Men nye generasjonar treng også selfangarar. Vi treng å vidareføre ein utdøyande kunnskap om eit stolt og viktig yrke, ved å årvisst sende ishavsskuter på fangst. Vi treng å beskatte selbestanden på rett måte, og vi treng dei fantastiske produkta som sel kan gje oss.

God fangst!

Sunday, July 13, 2014

På kvalross-fangst ved Øst Grønland i 1901


Av Webjørn Landmark d.e.


Etter mange dagar med haling og staking inn gjennom isbaksen, så låg endeleg "Sleipner" og "Norrøna" og dreiv i stilla i slakk is utanfor Øst-Grønland. I vaktskiftet kl 6 em kom andreskyttaren på «Norrøna» ned frå topptønna og fortalde at han såg ein kvalross på eit flak i retning inn mot land. Han spurde om vi hadde lyst på ein rotur. Det hadde vi sjølvsagt. Vi var ivrige etter og kome av garde, slukte kaffien i ei viss fart, og sette avstad. Det vart ein lang rotur, då vi hadde rodd i nesten 6 timar var vi omtrent på skothald, men då jumpa også kvalrossen utfor flaket og forsvann i sjøen. Vi var no svoltne etter roturen og hadde lyst på kaffi. Men vi hadde forsømt å ta med oss kjel og ved. Vi hogg då opp kikertskapet og fyrte med det og kokte kaffien i båt-ausa. Vi diskuterte oss i mellom kva vi no skulle gjere. Vi var komne mykje nærare landet og av fartøya våre såg vi berre topptønnene så vidt over horisonten.

Fanga av is
Vi fekk no sjå at "Sleipner" sine to båtar og "Norrøna" sin styrbords båt kome roande innover. Vi gjorde oss ferdige og slo fylgje og innover mot landet bar det. Vi kom inn til Wollaston Forland i 6 tida om morgonen. Etter at vi hadde kokt oss kaffi og kvilt ei stund, rodde vi langs landet for å sjå etter fangst. Ut på dagen kom også fartøya inn og dei tok fast i ein grunnis, ved Kapp Herschel.

Då vi hadde sove ut, skulle vi neste dag ut å ro for å sjå etter fangst. Dei to styrbordsbåtane skulle ro nordover langs landet og babordsbåtane rodde sydover, over fjorden til Claveringsøya. På sydsida av øya fekk vi sjå ein liten flokk med polaroksar oppe i fjellsida. Vi var avstad og skaut desse, og bar dei ned til båtane. Med det same vi skulle til å ro tilbake så begynte det å blåse og regne. Då vi kom ut til Kapp Mary rodde vi til lands for å sjå i veret ei stund, før vi la i veg over fjorden. Våte og kalde var vi, og hadde lyst til å kome oss om bord for å få skifta på oss tørre klede. Vi meinte også at 4 mann på kvar båt skulle vere nok til å ro mote veret same kor sterk stormen var. Dermed la vi i veg. Men då vi var komne eit stykke ut på fjorden, så kom isen drivande ut, fanga oss inn og utover bar det med oss også. 

Litt etter litt pakka isen seg saman rundt oss så vi til slutt ingen veg kom. Vi drog då båtane opp på isen. "Sleipner" sin båt låg eit stykke lenger ute. Skyttaren og dei to andre karane pakka seg inn i skinna som vi hadde flådd og la seg ned i båten. På turen vår i land hadde vi sanka saman ein heil del av den lause vinterulla frå Moskusdyra, noko av denne ulla tok eg no og stappa inn på kroppen under kleda. 

-Eg kunne sjå at karane på "Sleipner" sin båt hadde fått fyr under kaffikjelen. Kaffi hadde eg lyst på, derfor la eg i veg utover isen og om bord til dei. No fekk vi sjå at fartøya våre var under seil innanfor kanten av drivisbeltet. Vi la difor i veg innover isen, men det vart nokså langt  gå og då vi endeleg kom inntil dei så viste det seg at fartya var drevne ned i iskanten. "Norrøna" hadde fått eit stort hol i sida og sank straks etter. Vi fekk så vidt berga opp på isen klærne våre og ein del proviant. "Sleipner" også var mykje skada, men ho var tett og etter ein del represjon med fjøler og seilduk så kunne ho seile heim.

Svarte roande folk
Då mannskapa på styrbordsbåtane fekk stormen over seg, drog dei båtane på land og kolva dei over seg. Dei fyrte opp innunder båtane for å få varme og for å koke seg kaffi. Men karane vart heilt svarte i andleta av sot og røyk. Dagen etter, då stormen hadde gitt seg, kom "Minna" og "Havfruen" seilande denne vegen. Då rodde karane ombord til dei. Men ombord i "Minna" og "Havfruen" kunne dei ikkje begripe kva slags svarte folk som kom roande. Det vart gjeta på både eskimoar og negrar. Vi karane som no vart utan skute vart fordelte på "Minna", "Havfruen" og "Sleipner" og kom oss velberga heim igjen. Seinare vart det dikta ei lang vise med mange vers om denne turen.


Sunday, July 6, 2014

Då branddølingane trudde moskusdyra på Austgrønland var vandrande hus.


Fortalt av Ole S. Brandal.

Våren 1900 og sommaren med, vårt eit skrap år i Vesterisen. Elendig fangst og dårleg ver. Då sesongen var ute, hadde kvar skute kring 70 dyr. Eg – som var van med å gjere det godt på stimbåt – var i dårleg humør.

Peter og eg samrådde oss om å ta oss vestover til Grønland. Vi låg 70 – 75 grader nordlig breidd denne tida. Medan vi drøfta spørsmålet, kjem det pløyande ein stor stimbåt austanifrå. Båten hadde namnet «Samson» og kapteinen heitte Samuelson. Vi fekk han i tale. Han såg på dei tretti tons skutene våre, «Havfruen» og «Minna», og tykte det var skrøpelege farkostar.

- Kan vi prøve og komme oss til Grønland, trur du? Spurde vi. - Eg vil på det sterkaste frå råde dykk det, svara han. Fridtjof Nansen spurte om det same, og eg rådde han frå. Der er både straumfylt og isfylt. Men vi meinte det ikkje nytta å skreme oss. Då drog karane fram drafta og viste at det var omlag 60 mil til Grønland. Var vi likevel så djerve å legge avstad, ville han i allefall rå oss til å halde oss på 75 grader heile vegen. Straumen var rimelegare der.

På veg til Grønland 
Så kryssa vi innover. Vi haka oss fast med dreggar i store isfjell og hala og drog. Etter mykje slit i fem heile veker, hadde vi berre 2 – 3 mil att til Grønland. Vi kunne sjå open råk langs landet. Men trur du ikkje han då la til med nordvest storm som køyrde ut etter og la oss heilt faste. Då sa eg til Peter: Lat meg få med to mann frå skuta di, så tek eg to frå mi. Vi rustar oss ut med kaffi, smør, kavring, ved og segl, tek fangstbåten og prøver å kome oss til land. Det vart sett i verk. Vi drog båten over isen og rodde i dei små råkene vi fann. På turen skaut eg ein storkobbe, så vi i nødsfall kunne ha både mat, brensel og varme.

I to døgn rodde og drog vi stykkevis. Så opna isen seg litt etter kvart, og vi kunne setje foten på Grønlands jord lenger nord enn nokon mann hadde vore før – på Claveringsøya. Der drog vi båten på land, koka kaffi, velte båten og laga oss hytte. Så fekk karane sove. Sjølv gjekk eg på vakt. Eg var no så pass trøytt at det vart visst ender og enn dubben på meg og. Men eg tok meg ein tur opp mot fjellet og skaut to rappgjess. Det kunne hjelpe på maten dersom det skulle falle så ille at vi vart verande ei rid. Men med eitt lettar det ut i havet, og skutene kom kryssande. Då fekk eg gå til køys medan Peter kryssa austetter langs kysten. Det var spanande. Ingen hadde vore her før, så det var ikkje godt å vita noko om grunnar og bankar.

'Hus på vandring' 
Men eg hadde ikkje sove lenge før Peter vekkjer meg: - Nei, no må du kome deg opp i tynna, Ole. Eg ser noko levande inne på land. Det liknar hus på vandring! Det må vere kjempedyr! Vi vart samde om å tørne oppunder land og gå med eit par båtlag innover. - Vi såg dyra i kikkerten omlag halvanna mil unna. Etter kvart vart det umåtelig tungt å gå, for der var slik leirsupe. Skodda kom og sigande, og Peter og eg vart usamde om vegen. Enden på visa vart at vi skildest. I det laget mitt skulde passere ei elv, høyrer vi skot ifrå dei andre. Eg talde til tjue, heile ladninga – og straks etter ropa ein av karane våre: - Eg høyrer naudrop - - -!

Heldigvis så var det ikkje så ille. Ikkje lenge etter møtte vi dei andre leande. - Vi kom fram på nokre veldige dyr som vi har tømt heile ladninga i, sa Peter, men dei står der like godt. Og det var sant. Då vi kom burt til dyra, sto dei på alle fire, steindaude. Vi velte dei overende, flådde dei og tok hovuda med oss. Det var ei dryg bør, den halvanna mila. Men då vi kom ombord – vi måtte signalisere med tåkeluren – for dei hadde lagt seg frå land. Då hadde dei også skote tre dyr av same slaget. Vi hadde ikkje greie på kva slags dyr det var før vi kom heim. Ingen av oss hadde sett Moskus før.

Kvalross på besøk
-Det var i same farvatna vi opplevde den dramatiske kvalross-jakta, held Hau' -Ole fram. Desse dyra veidde vi på den måten at vi feste ein harpun i enden på eit langt skaft. I andre enden feste vi ei line. Når kvalrosa låg på flaket, rodde vi burt under iskanten og køyrde harpunen i ho. No hadde ikkje eg nokon annan jaktkunnskap enn den Peter hadde lært meg i all hast. Og når vi ein dag – med kvar sin båt – skulle legge til eit flak der det låg ei samling på to og eit på tre dyr, - bar det gale i veg. Vår båt skulle ta dei to. Vi rodde til flaket. Og eg fekk harpunen i den største. Men i jaktiveren gløymde eg å be karane å ro unna. Og her gjer kvalrosa eit kjempebyks utfor iskanten og beint i båten til oss! Så nær meg var ho at ei av dei store hoggtennene flerra trøya mi frå skuldra og nedover armen.

 Båten vår sokk med baugen så han vart ståande på skrå nedgjennom sjøen, og til havs bar det både med kvalross, øks, gevær og meg sjølv. Dei andre karane sprang attetter. Eg la på sym i isvatnet, og fekk tak i ein låg kant og kom meg opp på flaket. Peter – som såg tilburden – kom roande og skulle berge mennene. Men då gjorde dei kvalrossene som låg att på flaket, åtak på båten hans! Dei hogg dei svære tennene i ripa og ville velta båten. Det vart ein kamp for livet kan du skjøne. Karane brukte både børse og øks. Og dei fekk livet av tre stykker. Då flotna båten vår – og vi fekk hale den store opp og fekk livet av den også.

Vi berga både båten og kvalrossen. Sia delte vi dei turre kleda, for vi hadde to mil å ro attende til skutene. Godt lasta var vi og. Ei kvalrosshud med spekk veg omkring 200 kilo. Den store som heldt på å setje tennene i herda mi, er kanskje den største kvalrossen som har vore teken der vest. Tennene var over 27 tommar.

Utstilling i Ålesund
Vi fekk full last. Femti-seksti moskusdyr og eit liknande tal med kvalross og isbjørnhuder. Dessutan hadde vi 4 -5 levande moskus, ein levande kvalross-unge og ti levande isbjørnungar. Vi stilte ut desse dyra i buda hans Godø i Ålesund, og tok inngangspengar. Det vart ei heil valfarting dit. - Men eg har gløymt å fortelje at vi skaut tre-fire polarulvar og. I grunnen så var det dei som førte meg til møtes med Frdtjof Nansen.

Resultatet av turen vår kom sjølsagt i avisa. Der sto det om polarulvane og. Museet i Oslo hadde aldri høyrt at slike dyr fanst på Grønland, så dei hadde gått til Nansen med meldinga. Men han kunne ingen ting seie. Personleg så hadde han ikkje sett slike dyr. Men han trudde nok det var sant. Vi hadde salta skinna av polarulven så det var berre å sende dei nedover. Og det stemte, vi fekk mykje pengar for dei – endå dei røytte stygt.

- Ein dag ankra skuta til Nansen opp på Ålesund hamn og det kom bod til Peter og meg om å kome ombord. Vi kjende oss kanskje ikkje så store framfor denne vidkjende mannen. Men det skal seiast at ein meir liketil mann, har ikkje eg møtt. Han brukte sitt mål og vi brukte vårt mål. Eg høyrde ikkje at han gikk glipp av noko. Det er berre tull av sume at dei skal språke når dei møter folk som gjer det. Eg har snakka branddalsk heile mitt liv og har aldri vore brydd for det. Nansen tykte vi hadde gjort ei bragd. Tilslutt spurde han kva utdanning vi hadde. Eg sa som sant var, at det var berre det han Hovde-Petter hadde greitt å banke inn i skallen på oss i den stutte tida vi gjekk på folkeskulen. Men då lo Nansen godt å klappa meg på herda: « Det er tilstrekkelig det Brandal»