Sunday, March 8, 2015

Frå Vesterhavet sitt forlis i 1939


Av Havtor Hofset


Som eldre folk enno kan hugse, var det mykje storm og uvêr første halvår i 1939. Det fekk selfangstskutene på veg til fangstfeltet ved New Foundland merke i slutten av februar. Men også skutene til Vesterisen fekk føling med uvêret litt seinare på våren.


Dei som fekk mest omtale i avisene var newfoundlandsskutene "Polarbjørn" og "Polaris" som redda mannskapet på "Saltdalingen"  og ikkje minst Svenska Amerikalinjens "Drottningholm" som berga mannskapet på "Isfjell" i den forrykande orkanen. Ishavsskuta "Nyken" forliste også, og  alle om bord  miste livet. Skuta som liksom "Saltdalingen" høyrde heime i Gratangen,  hadde eit mannskap på 18.

Vesterisskutene hadde også ein hard tørn på oversiglinga  dette året der tre skuter forliste. Det var to frå Sunnmøre, nemleg "Vesterhavet" frå Brandal og "Vestad" frå Vartdal, og "Heimland I" frå Tromsø. Mannskapet på alle tre skutene vart berga.  Det forliste to skuter til i  stormen. Det var "Polar" og "Vikfjeld". Der gjekk alle mann med.

Om natta 19. mars fekk "Vesterhavet" ein svær brotsjø over seg, skansekledning og fleire rekkestøtter på babord side vart avslegne og dollbordet svikta.  På styrbord side var dekket delvis oppslege. På same side var båtdekket slite laust frå keisinga og hang etter fremste vinkeljarnet. Forriggen var skada. Det oppstod store lekkasjar, sjøen fossa inn i lasterom og maskinrom. Bunkerskola som var i lasteromet kom ned i lensebrønnane og tetta lensesystemet.

Fyrbøtaren Sigmund Brandal dukka ned i lensebrønnen og fekk snudd eller bøygt lenserøret slik at dei fekk lensinga i gong att. Dei kunne no halde det gåande nokre timar til. Men så kom ein ny brotsjø som fylte maskinromet og sløkte fyren på kjelen. Då var det ikkje anna å gjere enn å prøve å forlate skuta. Men det var så dårleg vêr at dei venta til det lysna av dag før dei gjekk frå borde.

Lykka var at "Vesterhavet" hadde fått ny radiosendar dette året. Det same hadde"Flemsøy" som i tillegg hadde peileapparat. Det var det ikkje mange som hadde den gongen. Derfor kunne "Flemsøy" peile inn og finne "Vesterhavet" når dei prata i radioen.

Av skutene som kom til hjelp, var det utanom "Flemsøy" også "Fangsmand" og "Rundø" som tok seks mann kvar. "Flemsøy" tok fire mann.

Av mannskapet på "Vesterhavet" var desse frå våre bygder: Skipper Nils L. Brandal, 1. skyttar Johannes Mur Brandal og fyrbøtar Sigmund Brandal, frå Brandal. Frå Hareid kom maskinist Ole Brobakk og fangstmann Reidar Nesset. Frå Stadtlandet kom fangstmennene Oskar, Bernhard og Johannes Kvernevik.  

No comments:

Post a Comment