Sunday, October 19, 2014

Lidvard Ulstein minnest frå tida som maskinist på «Isflora»


Av Havtor Hofseth  

Nokre dagar etter at Lidvard hadde fylt 90 år, var eg på vitjing hjå han og kona Ruth. Eg lurte på om han hadde noko å fortelje til Isflaket om åra sine om bord i «Isflora». Det han minnest, seier han, er mykje dårleg vêr og masse slingring. Her fortel han   mellom anna om to av dei verste overseglingane han var med på. Årstala 1950 og 1954 er han ikkje heilt sikre på, men meiner dei er rette. Han kom om bord i «Isflora» som maskinist i 1949. Skuta var då eitt år gamal, nybygd i Risør året før. Hovudmotoren var ein sekssylindra Deutz Diesel på 424 hk. Dei var på New Foundland kvart år fram til 1953. I 1954 var dei i Vesterisen pga at dei var på storsilda det året. Skipper om bord i alle år var Knut Johannesen frå Gåseid i Ålesund.


Her er frå turen til New Foundland i 1950. Dei låg klare i Ålesund og  venta på betre vêr. Det hadde vore kuling og storm i lang tid, men i slutten på veka løya det litt, og på fredag, av alle dagar, stakk dei til havs. Det var stort sett kuling og storm heile vegen vestover, men det gjekk no framover. Då dei var på høgde med Island, vart det så dårleg at dei måtte leggje seg på vêret og bakke. Stormen auka på og dei fekk eit par svære sjøar over skuta. Det viste seg at lugarkappa framme på bakken og keisinga var slegne lause, og sjøen kom inn i lugarane forut, og det som  var verre, var at sjøen fossa ned i maskinromet og ned på elektrotavla. Dei måtte kople ut tavla og stoppe hjelpemotoren, dermed var det mørkt om bord, ingen straum. Dette kunne ikkje fortsette, skipperen meinte at siste utveg var å stoppe hovudmotoren og legge seg på drift for vêr og vind.

Slik dreiv dei av garde i ca eitt døgn. Då løya det på, fekk dei  i gong hovudmotoren og kursa mot Island. Det var kaldt og mørkt om bord. Elektrisk kraft hadde dei ikkje, då det var overledning i tavla.
Endeleg fekk dei land i sikte. Dei kom seg inn til Seydisfjord. Her vart dei liggande for reparasjon for å tette lekkasjane og ikkje minst få tørke ut den elektriske tavla. Etter nokre dagar på Island kom dei seg vidare mot New Foundland. Då dei kom utanfor land, møtte dei same uvêret igjen, men etter 22 døgn kom dei endeleg fram til iskanten. Dei gjorde ein kjempetur, den beste Lidvard  nokon gong var med på. Han meiner fangstfolka hadde ca 15 000,- kroner i lott. Det var mykje pengar den gongen.

Med på denne turen var Hallbjørn, bror til Lidvard. Han var fangstmann og var den gongen ein ung, sterk og sporty mann. Ein dag då dei låg i fangst, stod Lidvard i styrehuset i lag med skipperen som følgde med Hallbjørn ute på isen der han hoppa mellom isflaka. Då seier skipperen: - Eg har høyrt berre om ein mann som kunne gå på sjøen, men no gjer jammen Hallbjørn det same.

Folka som var med på denne turen, som Lidvard kan hugse var:
Skipper Knut Johannesen, Gåseid. 1. skyttar Petter Liavåg, Hareid. Maskinist Lidvard Ulstein, Ulstein. Assistent i maskina Asbjørn Saunes, Ulstein. Fangsmann Hallbjørn Ulstein, Ulstein. Fangsmann Hallstein Saunes, Ulstein. Mess Roger Jakobsen, Hareid.

Så frå turen i 1954. Dette året gjekk dei til Vesterisen. Der var ingen sel å sjå, dei leita nokre døgn utan resultat. Dei heldt så fram mot Island der dei bunkra og provianterte. Turen fortsette til New Foundland, der dei la seg på gamalselen. Det vart full last etter ein lang tur. Men på heimturen fekk dei vanskar med hovudmotoren. Dei hadde vel gått i ca tre døgn då eit veivlager på hovudmotoren gjekk seg varmt. Vêret var som vanleg dårleg, og der låg dei åleine og dreiv i Nordatlanteren. Men maskinfolka gjekk i gong og demonterte toppdekslet og tok ut stempel og lager. Det viste seg no at veivtappen var skada så nytt  lager var ikkje mogeleg å montere inn.

Kva skulle dei no gjere? Jau, dei fann ei tynn stålplate som dei forma slik at det vart som ein flens, fekk skruar gjennom og kunne no stramme til så det vart fast og stabilt. På denne måten fekk dei stoppa oljen som normalt kom ut av veiva for å smørje lageret. Dei monterte på igjen dekselet, kutta  brennstofftilførselen og ventilløftarane til sylindaren og starta opp utan stempel. Dette såg bra ut og oljetrykket var brukbart. Dei kunne fortsette heimturen på fem sylindrar, men  med ubalanse i motoren vart det ein del risting i skuta. Skuta var lasta og låg djupt i sjøen og med  lita maskinkraft vart det ikkje rare framfarta. Men dei kom seg velberga heim.

Elles fortel Lidvard at dei var på sildefiske for første gong i 1954. Det vart ingen suksess. Bruket var ikkje det beste og nota var for grunn i forhold til storfiskarane. Det var vel som Hau-Johan sa at dei måtte ha ei overveldande fjøre skulle dei nå ned på sildedottane med si grunne not. I 1955 var dei på Island med snurpenot og 1000 tomtønner. Det vart heller ingen suksess. Dei kom heim med 300 fulle og 700 tome tønner.

No comments:

Post a Comment