Sunday, July 13, 2014

På kvalross-fangst ved Øst Grønland i 1901


Av Webjørn Landmark d.e.


Etter mange dagar med haling og staking inn gjennom isbaksen, så låg endeleg "Sleipner" og "Norrøna" og dreiv i stilla i slakk is utanfor Øst-Grønland. I vaktskiftet kl 6 em kom andreskyttaren «Norrøna» ned frå topptønna og fortalde at han såg ein kvalross eit flak i retning inn mot land. Han spurde om vi hadde lyst på ein rotur. Det hadde vi sjølvsagt. Vi var ivrige etter og kome av garde, slukte kaffien i ei viss fart, og sette avstad. Det vart ein lang rotur, då vi hadde rodd i nesten 6 timar var vi omtrent på skothald, men då jumpa også kvalrossen utfor flaket og forsvann i sjøen. Vi var no svoltne etter roturen og hadde lyst på kaffi. Men vi hadde forsømt å ta med oss kjel og ved. Vi hogg då opp kikertskapet og fyrte med det og kokte kaffien i båt-ausa. Vi diskuterte oss i mellom kva vi no skulle gjere. Vi var komne mykje nærare landet og av fartøya våre såg vi berre topptønnene så vidt over horisonten.

Fanga av is
Vi fekk no sjå at "Sleipner" sine to båtar og "Norrøna" sin styrbords båt kome roande innover. Vi gjorde oss ferdige og slo fylgje og innover mot landet bar det. Vi kom inn til Wollaston Forland i 6 tida om morgonen. Etter at vi hadde kokt oss kaffi og kvilt ei stund, rodde vi langs landet for å sjå etter fangst. Ut på dagen kom også fartøya inn og dei tok fast i ein grunnis, ved Kapp Herschel.

Då vi hadde sove ut, skulle vi neste dag ut å ro for å sjå etter fangst. Dei to styrbordsbåtane skulle ro nordover langs landet og babordsbåtane rodde sydover, over fjorden til Claveringsøya. På sydsida av øya fekk vi sjå ein liten flokk med polaroksar oppe i fjellsida. Vi var avstad og skaut desse, og bar dei ned til båtane. Med det same vi skulle til å ro tilbake så begynte det å blåse og regne. Då vi kom ut til Kapp Mary rodde vi til lands for å sjå i veret ei stund, før vi la i veg over fjorden. Våte og kalde var vi, og hadde lyst til å kome oss om bord for å få skifta på oss tørre klede. Vi meinte også at 4 mann på kvar båt skulle vere nok til å ro mote veret same kor sterk stormen var. Dermed la vi i veg. Men då vi var komne eit stykke ut på fjorden, så kom isen drivande ut, fanga oss inn og utover bar det med oss også. 

Litt etter litt pakka isen seg saman rundt oss så vi til slutt ingen veg kom. Vi drog båtane opp isen. "Sleipner" sin båt låg eit stykke lenger ute. Skyttaren og dei to andre karane pakka seg inn i skinna som vi hadde flådd og la seg ned i båten. turen vår i land hadde vi sanka saman ein heil del av den lause vinterulla frå Moskusdyra, noko av denne ulla tok eg no og stappa inn på kroppen under kleda. 

-Eg kunne sjå at karane "Sleipner" sin båt hadde fått fyr under kaffikjelen. Kaffi hadde eg lyst på, derfor la eg i veg utover isen og om bord til dei. No fekk vi sjå at fartøya våre var under seil innanfor kanten av drivisbeltet. Vi la difor i veg innover isen, men det vart nokså langt  og då vi endeleg kom inntil dei viste det seg at fartya var drevne ned i iskanten. "Norrøna" hadde fått eit stort hol i sida og sank straks etter. Vi fekk vidt berga opp isen klærne våre og ein del proviant. "Sleipner" også var mykje skada, men ho var tett og etter ein del represjon med fjøler og seilduk kunne ho seile heim.

Svarte roande folk
mannskapa styrbordsbåtane fekk stormen over seg, drog dei båtane på land og kolva dei over seg. Dei fyrte opp innunder båtane for å varme og for å koke seg kaffi. Men karane vart heilt svarte i andleta av sot og røyk. Dagen etter, då stormen hadde gitt seg, kom "Minna" og "Havfruen" seilande denne vegen. rodde karane ombord til dei. Men ombord i "Minna" og "Havfruen" kunne dei ikkje begripe kva slags svarte folk som kom roande. Det vart gjeta på både eskimoar og negrar. Vi karane som no vart utan skute vart fordelte på "Minna", "Havfruen" og "Sleipner" og kom oss velberga heim igjen. Seinare vart det dikta ei lang vise med mange vers om denne turen.


No comments:

Post a Comment