Sunday, July 6, 2014

Då branddølingane trudde moskusdyra på Austgrønland var vandrande hus.


Fortalt av Ole S. Brandal.

Våren 1900 og sommaren med, vårt eit skrap år i Vesterisen. Elendig fangst og dårleg ver. Då sesongen var ute, hadde kvar skute kring 70 dyr. Eg – som var van med å gjere det godt på stimbåt – var i dårleg humør.

Peter og eg samrådde oss om å ta oss vestover til Grønland. Vi låg 70 – 75 grader nordlig breidd denne tida. Medan vi drøfta spørsmålet, kjem det pløyande ein stor stimbåt austanifrå. Båten hadde namnet «Samson» og kapteinen heitte Samuelson. Vi fekk han i tale. Han såg på dei tretti tons skutene våre, «Havfruen» og «Minna», og tykte det var skrøpelege farkostar.

- Kan vi prøve og komme oss til Grønland, trur du? Spurde vi. - Eg vil på det sterkaste frå råde dykk det, svara han. Fridtjof Nansen spurte om det same, og eg rådde han frå. Der er både straumfylt og isfylt. Men vi meinte det ikkje nytta å skreme oss. Då drog karane fram drafta og viste at det var omlag 60 mil til Grønland. Var vi likevel så djerve å legge avstad, ville han i allefall rå oss til å halde oss på 75 grader heile vegen. Straumen var rimelegare der.

På veg til Grønland 
Så kryssa vi innover. Vi haka oss fast med dreggar i store isfjell og hala og drog. Etter mykje slit i fem heile veker, hadde vi berre 2 – 3 mil att til Grønland. Vi kunne sjå open råk langs landet. Men trur du ikkje han då la til med nordvest storm som køyrde ut etter og la oss heilt faste. Då sa eg til Peter: Lat meg få med to mann frå skuta di, så tek eg to frå mi. Vi rustar oss ut med kaffi, smør, kavring, ved og segl, tek fangstbåten og prøver å kome oss til land. Det vart sett i verk. Vi drog båten over isen og rodde i dei små råkene vi fann. På turen skaut eg ein storkobbe, så vi i nødsfall kunne ha både mat, brensel og varme.

I to døgn rodde og drog vi stykkevis. Så opna isen seg litt etter kvart, og vi kunne setje foten på Grønlands jord lenger nord enn nokon mann hadde vore før – på Claveringsøya. Der drog vi båten på land, koka kaffi, velte båten og laga oss hytte. Så fekk karane sove. Sjølv gjekk eg på vakt. Eg var no så pass trøytt at det vart visst ender og enn dubben på meg og. Men eg tok meg ein tur opp mot fjellet og skaut to rappgjess. Det kunne hjelpe på maten dersom det skulle falle så ille at vi vart verande ei rid. Men med eitt lettar det ut i havet, og skutene kom kryssande. Då fekk eg gå til køys medan Peter kryssa austetter langs kysten. Det var spanande. Ingen hadde vore her før, så det var ikkje godt å vita noko om grunnar og bankar.

'Hus på vandring' 
Men eg hadde ikkje sove lenge før Peter vekkjer meg: - Nei, no må du kome deg opp i tynna, Ole. Eg ser noko levande inne på land. Det liknar hus på vandring! Det må vere kjempedyr! Vi vart samde om å tørne oppunder land og gå med eit par båtlag innover. - Vi såg dyra i kikkerten omlag halvanna mil unna. Etter kvart vart det umåtelig tungt å gå, for der var slik leirsupe. Skodda kom og sigande, og Peter og eg vart usamde om vegen. Enden på visa vart at vi skildest. I det laget mitt skulde passere ei elv, høyrer vi skot ifrå dei andre. Eg talde til tjue, heile ladninga – og straks etter ropa ein av karane våre: - Eg høyrer naudrop - - -!

Heldigvis så var det ikkje så ille. Ikkje lenge etter møtte vi dei andre leande. - Vi kom fram på nokre veldige dyr som vi har tømt heile ladninga i, sa Peter, men dei står der like godt. Og det var sant. Då vi kom burt til dyra, sto dei på alle fire, steindaude. Vi velte dei overende, flådde dei og tok hovuda med oss. Det var ei dryg bør, den halvanna mila. Men då vi kom ombord – vi måtte signalisere med tåkeluren – for dei hadde lagt seg frå land. Då hadde dei også skote tre dyr av same slaget. Vi hadde ikkje greie på kva slags dyr det var før vi kom heim. Ingen av oss hadde sett Moskus før.

Kvalross på besøk
-Det var i same farvatna vi opplevde den dramatiske kvalross-jakta, held Hau' -Ole fram. Desse dyra veidde vi på den måten at vi feste ein harpun i enden på eit langt skaft. I andre enden feste vi ei line. Når kvalrosa låg på flaket, rodde vi burt under iskanten og køyrde harpunen i ho. No hadde ikkje eg nokon annan jaktkunnskap enn den Peter hadde lært meg i all hast. Og når vi ein dag – med kvar sin båt – skulle legge til eit flak der det låg ei samling på to og eit på tre dyr, - bar det gale i veg. Vår båt skulle ta dei to. Vi rodde til flaket. Og eg fekk harpunen i den største. Men i jaktiveren gløymde eg å be karane å ro unna. Og her gjer kvalrosa eit kjempebyks utfor iskanten og beint i båten til oss! Så nær meg var ho at ei av dei store hoggtennene flerra trøya mi frå skuldra og nedover armen.

 Båten vår sokk med baugen så han vart ståande på skrå nedgjennom sjøen, og til havs bar det både med kvalross, øks, gevær og meg sjølv. Dei andre karane sprang attetter. Eg la på sym i isvatnet, og fekk tak i ein låg kant og kom meg opp på flaket. Peter – som såg tilburden – kom roande og skulle berge mennene. Men då gjorde dei kvalrossene som låg att på flaket, åtak på båten hans! Dei hogg dei svære tennene i ripa og ville velta båten. Det vart ein kamp for livet kan du skjøne. Karane brukte både børse og øks. Og dei fekk livet av tre stykker. Då flotna båten vår – og vi fekk hale den store opp og fekk livet av den også.

Vi berga både båten og kvalrossen. Sia delte vi dei turre kleda, for vi hadde to mil å ro attende til skutene. Godt lasta var vi og. Ei kvalrosshud med spekk veg omkring 200 kilo. Den store som heldt på å setje tennene i herda mi, er kanskje den største kvalrossen som har vore teken der vest. Tennene var over 27 tommar.

Utstilling i Ålesund
Vi fekk full last. Femti-seksti moskusdyr og eit liknande tal med kvalross og isbjørnhuder. Dessutan hadde vi 4 -5 levande moskus, ein levande kvalross-unge og ti levande isbjørnungar. Vi stilte ut desse dyra i buda hans Godø i Ålesund, og tok inngangspengar. Det vart ei heil valfarting dit. - Men eg har gløymt å fortelje at vi skaut tre-fire polarulvar og. I grunnen så var det dei som førte meg til møtes med Frdtjof Nansen.

Resultatet av turen vår kom sjølsagt i avisa. Der sto det om polarulvane og. Museet i Oslo hadde aldri høyrt at slike dyr fanst på Grønland, så dei hadde gått til Nansen med meldinga. Men han kunne ingen ting seie. Personleg så hadde han ikkje sett slike dyr. Men han trudde nok det var sant. Vi hadde salta skinna av polarulven så det var berre å sende dei nedover. Og det stemte, vi fekk mykje pengar for dei – endå dei røytte stygt.

- Ein dag ankra skuta til Nansen opp på Ålesund hamn og det kom bod til Peter og meg om å kome ombord. Vi kjende oss kanskje ikkje så store framfor denne vidkjende mannen. Men det skal seiast at ein meir liketil mann, har ikkje eg møtt. Han brukte sitt mål og vi brukte vårt mål. Eg høyrde ikkje at han gikk glipp av noko. Det er berre tull av sume at dei skal språke når dei møter folk som gjer det. Eg har snakka branddalsk heile mitt liv og har aldri vore brydd for det. Nansen tykte vi hadde gjort ei bragd. Tilslutt spurde han kva utdanning vi hadde. Eg sa som sant var, at det var berre det han Hovde-Petter hadde greitt å banke inn i skallen på oss i den stutte tida vi gjekk på folkeskulen. Men då lo Nansen godt å klappa meg på herda: « Det er tilstrekkelig det Brandal»

No comments:

Post a Comment