Saturday, May 12, 2012

Båten frå Nordaust Grønland


Ved Webjørn Landmark

For nokre år tilbake fekk Ishavsmuseet storfint besøk frå Danmark og Drøbak. Oppdraget til reisefølgjet var å overlevere ein båt frå Nordaust Grønland. Båten var «Horsa». Bygd av Wagn Kromann (1931-2007) i 1950.



Wagn var utdanna båtbyggar frå Dragør ved København. I 1950 bestilte Lauge Kochs ekspedisjonen ein båt til bruk på Ella Ø.
Wagn bygde båten «Horsa» på eit lite verft i Kastrup og følgde med båten opp til Nordaust Grønland og var der etter båtførar dei neste fire åra til 1954. Dette var med base på Ella Ø. Han hadde mange spanande opplevingsturar med båten. Ein av dei på ein tur åleine frå Mestersvig til Ella Ø i hardt ver. Han nådde akkurat fram til land då motoren sa stopp. Hadde dette skjedd litt tidligare hadde han nok aldri blitt funnen.
Wagn hadde også seinare eit par overvintringar på Ella Ø, der hundeslede brakte han vidt omkring.

«Horsa» kom mest truleg til Nordaust Grønland med «Veslekari» i 1951. Danske myndigheiter og ekspedisjonar brukte fram til 1960-talet mange ishavsskuter frå Sunnmøre. Nokre av dei mest kjende var kanskje «Polarbjørn», «Veslekari», Søndmøringen» og «Polarstar».

I åra før og etter 2. verdskrig var det store fjordsystemet omkring Kong Oscars fjord og Keiser Franz Josefs fjord i Nordaust Grønland gjenstand for store forandringar.
Opp gjennom 1930-åra og til seint på 1950-åra var det kvar sommar (med unntak av krigsåra) mange vitskaplige ekspedisjonar i området under ledelse av geologen dr. Lauge Koch. Det var også han som gav namnet til båten «Horsa». Horsa stammar frå erobringen av England i det 5. år hundre der brødrene Hengest og Horsa deltok i kampen mot Kelterne. (Wikipedia).

Hovudbasen for aktivitetane til Lauge Koch ekspedisjonane var på Ella Ø, der mannskap og utstyr vart frakta vidare ut i fjordsystemet med bl.a. båten «Horsa». Stasjonen tente dessutan som meteorologisk radiostasjon året rundt. Dette var også bakgrunnen til at stasjonen vart base for sledepatruljen Sirius frå 1950 av.
Også andre aktørar bidrog til forandringar i desse åra, først og fremst dei norske fangstmenns utnyttelse av naturresursar, og oppførsel av dei mange fangststasjonar som er i området.
Etter krigen kom Blyminen i Mestersvig med flyplass og hamneanlegg med fleire hundre manns besetning også til å prege utviklinga her i ei årrekkje.

I 1958 vart det slutt på Lauge Kochs ekspedisjonar i området, og båten vart sett på land i fjøra på Ella Ø. Her vart den liggande på stranda i 40 år. I 1998 var Wagn Kromann på ekspedisjon i området i følje med NANOK, der ei av oppgåvene var og restaurere den norske fangststasjonen Kap Petersèn i Kong Oscars fjord. Dei fann igjen båten som Wagn bygde for nær 50 år sidan på stranda ved Ella Ø. Han fikk båten forært med sledepatruljen Sirius. Båten var ikkje roten då den hadde vore djupfrosen 10 månadar i året, men var naturlegvis medtatt av ver og vind.

I år 2000 vart det sponsa frakt av båten heim til Wagn i Danmark, med båten Kista Arctica, der restaurerte Wagn båten fullstendig. Motoren var naturleg nok gåen av frostskader, men det lukkast Wagn og finne ein maken til den opprinnelege motoren, ein Solo frå 1956.

Wagn Kromann var også med å restaurere andre fangsthytter på NØG. Hoelsbu i Moskusoksefjorden i 1999. Same år var han logistisk medarbeidar ved renoveringa av den norske fangststasjonen Myggbukta som vart utført av Ivar Ytreland, Thor Malhuus og Øystein Killie. Dette arbeidet vart fullført i 2002 av Ivar Ytreland, Otto M. Martens og Peter Schmidt Mikkelsen.
I 2001 var Wagn med å restaurere stasjonen Antarctichavn i Kong Oscars fjord. Denne stasjonen var som kjent opphaldsstad for sysselmann Helge Ingstad i 1932-33. Etter at stasjonen var fullstendig renovert inn traff dessverre ei katastrofe her då eit lavineskred vinteren 2001-2002 knuste heile stasjonen til ruiner. Ei minneplate for Helge Ingstad vart seinare sett opp på ruinane her.

I 2001 besøkte Wagn Kromann med venner Ishavsmuseet i Brandal. Denne opplevinga gjorde eit sterkt inntrykk på Wagn. Seinare skal Wagn ha hatt eit håp: «Tenk om et sådant enestående museum en gang i fremtiden kunne blive et hjem for «Horsa»»

Hans håp er no gått i oppfylling, og «Horsa» er no og finne på Ishavsmuseet.
Stor takk til Ivar Ytreland for koordinering og Nanok for transporten Danmark-Brandal. Og sjølvsagt ei stor takk til familien Kromann ved Bodil og Thommas Kromann som var med på «Horsa's» siste reis til Brandal.
«Mannskap» ellers på turen til Brandal var Ivar Ytreland, Jens Erik Schultz, Henning Poulsen, Nils Lindegård og Jannik Berntsen.





No comments:

Post a Comment