Wednesday, April 4, 2012

60 år sidan katastrofepåska 1952 i Vestisen

Av Finn Sindre Eliassen.

Isflaket, polarmagasin frå Ishavsmuseet er i desse dagar ute med nytt nr. Herifrå hentar vi denne artikkelen om påskestormen for 60 år sidan der fem skuter forsvann sporlaust.

Ishavsskuta "Pels"

Eg hugsar godt frå oppveksten at dei som dreiv ishavet helst ikkje ville fortelje om forlisa og ulykkene der opp i ishavet. Og ulykkene og forlisa var det mange av. Det visste vi. Morfaren min var ishavsskipper og flink til å fortelje. Men det var dei pussige og kjekke episodane han fortalde om. Stormar og havari var ikkje underhaldning, meinte han vel. Men sidan eg er landkrabbe kan eg med godt samvit skrive om det verste ulykkesåret i Vestisen:1952. Ei drivkraft for meg er tanken på kva folket på kysten her laut utsetje seg for i striden for levebrødet.

I påska 1952 forliste sunnmørsskutene Pels og Buskø og dei nordnorske skutene Brattind, Ringsel og Vårglimt. Og 79 mann - når vi reknar med han som Arild miste - kom vekk i den verste katastrofen som har vore i Vestisen. Sjølv om skutene i 1952 var større, sterkare bygde og utrusta med fleire hestekrefter enn skutene i katastrofeåret 1917, så greidde dei ikkje stå mot naturkreftene då orkanen løyste seg. Radiotelefon hadde dei også. Likevel er det mykje vi ikkje veit om det som skjedde. Vi kjenner ikkje tidspunktet då skutene gjekk ned, men dei fleste reknar med at det skjedde 4. april. Heller ikkje veit vi for visst korleis det bar til. Ingen av dei som forliste, melde frå om vanskar av noko slag. Også denne gongen er det overlevande på andre skuter i same området, som kan gje oss haldepunkt for dramaet som utspelte seg i isen.

Då uveret kom, var Pels, Buskø og dei andre skutene som forliste, langt sør og vest på feltet, i det området rett nord for Island som har fått namnet Daumannsbukta. Den nøyaktige posisjonen er ikkje kjend. Men forskaren Per Øynes som var med Brandal, har rekna ut at posisjonen deira var 68 grader 30 minutt nordleg breidde, 19 grader vestleg lengde. Det er heile fire breiddegrader lenger sør enn posisjonen til Brandal, Flemsøy og dei andre skutene nordaust om Jan Mayen.

Vinden som der nord strauk langsmed iskanten og gav Brandal sjanse til å søkje dekning bak ein isodde, bles der sør ifrå iskanten. Dermed fordelte storisen seg utover og slitna.
Då det bles opp, kom snøkaven og sjøsprøyten slik det alltid blir når det bles opp i Vestisen. Og sikten var dårleg. Rutinemessig søkte truleg skutene livd ved å gå mot vinden, innover i den fordelte isen. Om dei hadde nok maskinkraft. Det hadde kanskje ikkje alle.

Nordlandsskutene Selfisk og Ungsel låg i det same området som Pels og Buskø under stormen. Det gjorde også Søndmøringen, Fangstmand, Arild og fleire andre skuter. Desse skutene berga seg, men det var berre så vidt. Fangstmand var på veg vestover då barometeret fall kraftig. Skipper Jon Nedrelid snudde skuta medan vinden var enno var forholdsvis spak, retning aust-nordaust og gjekk austover med full fart og roret hardt babord. Nyleg avlidne Ola Jarle Bigseth fortalde at dei gjekk langsmed ein strimle heile natta til den 4. april då det bles som verst. Hadde dei mist strimlen, hadde dei ikkje greidd å gå seg opp att slik orkanen stod på. Bigseth mintest ein dramatisk situasjon som har brent seg fast. Medan dei gjekk austover, kom det eit kjempestort isflak siglande mot skuta. Det såg ut som det skulle smelle i skutesida midtskips. Då hadde det gått gale, men dei gav på med det dei hadde i maskinen og kom seg så vidt klar.

Selfisk var inne i isen då uveret var på det verste. Dei gjekk mot vinden og observerte korleis isen stadig vart riven opp. Derfor gav heller ikkje isen skikkeleg dekning. Og sjøane fekk tak. Ein brottsjø slo inn forkant av eignarhuset og deler av rekka. I drivet vart skuta sterkt nedisa.

Då Selfisk kom til Tromsø, sa skipper Kåre Pedersen at han snakka med skyttaren på Vårglimt den 2. april. Då hadde dei det bra om bord. I nærleiken av Vårglimt låg også dei fire andre skutene som forliste. Skipper Pedersen sa at kanskje hadde dei om bord i Vårglimt trudd det var fastisen dei låg i ly av, men at det i røynda var eit stort isflak som etter kvart smuldra opp av storm og sjø, slik at skuta vart utan dekning. Og låge som dei var i hekken alle dei fem skutene, meinte skipper Pedersen at dei anten vart brotne ned av bårene eller knuste av isen.

Ungsel låg i nokolunde same is- og vindtilhøve som Selfisk. Skuta fekk skader og gjekk til Island for å reparere. Skipperen på Ungsel fortalde seinare at han på veg til Island lenge gjekk i oppdelt is før han kom ut i ope hav.

Nordlandsskuta Arild låg i plukkfangst på blueback i lag med dei fem skutene som snart skulle forlise. Veret var godt og karane var bra nøgde sjølv om det ikkje var storfangst. Men 2. april fall barometeret kraftig og vinden auka på. Skipper Wilhelmsen fortalde seinare at dei låg i livd bak ein solid isodde i lag med Brattind og Vårglimt. Eit par av dei andre skutene var like ved. Alle skutene hadde god livd; det visste Wilhelmsen. Men klokka halv fire på morgonen vart skipperen purra. Det bles sterk storm, truleg orkan. Isodden var oppeten og skutene heiv voldsamt på seg liggjande på ville havet.

Arild hadde ein sterk maskin og pressa seg opp mot vinden på jakt etter eit nytt avhald. Men fann berre slette iskanten. Orkanen hadde rive laus alle oddar. Wilhelmsen fekk snudd skuta og bestemte seg for å lense unna vinden. Og etter ei dramatisk ferd sørover - der dei mellom anna miste ein mann - kom Arild nærast som vrak inn til Island om kvelden 8. april.
Wilhelmsen peikte seinare på at dei andre skutene nok ikkje makta å gå opp mot vinden slik Arild gjorde. Dei hadde mindre maskinkraft. Mannskapet på Arild såg at Vårglimt låg pressa opp mot eit stort isflak. Dei fekk også eit glimt av Brattind i sjøroket. Skuta hadde sterk slagside. Og like etter kom det ein lukelem flygande gjennom lufta. Meir såg ikkje karane om bord i Arild til dei andre skutene.

Tjørvåg-skuta Søndmøringen var berre seks timars gonge frå Buskø og dei andre skutene då det bles opp for alvor; på veg austover. Asbjørn T. Aagaard som var med som fangstmann, har seinare gitt ut dagboka si frå ferda. Det er ei forteljing om eit drama som vi knapt kan førestille oss. Søndmøringen hadde fått om bord 1500 dyr; ein fin start på sesongen. Men så forsvann selen. Dyra var søkk vekke.

Den 2. april slo veret om. Det raste storm frå nordaust. Termometeret viste 30 kuldegrader. Skuta fann seg ein isstrimmel som gav livd. Mannskapet skalka lukene og surra alt laust; gjorde skuta sjøklar. Natta til den 4. april merka dei at avhaldet minka. Om morgonen køyrde dei skuta innover i isen. Det opne havet freista dei ikkje. Sjølv langt der inne i isen var dønningen enorm. Aldri hadde dei sett slik dønning. Det var ikkje lett å styre unna svære isflak som kom siglande. Sikten var dårleg. I periodar såg dei ikkje lenger enn fram på baugen. Frostrøyken og snøkaven stod tett. Isinga var sterk. Og mannskapet arbeidde med dei vann med å banke vekk isen på skuta for å hindre at ho miste stabiliteten og tippa rundt.

Ut på dagen den 5. april tok odden som gav Søndmøringen livd, til å misse festet i baksen. Situasjonen var kritisk. Skuta kunne ikkje gå unna veret. Då ville brottsjøane på det opne havet ta dei. Å gå mot veret hadde dei ikkje maskinkraft til. Dei måtte finne seg nytt avhald. I aust skimta dei lys av is. Dei vona at det var ein odde der. Og dei måtte gjere noko medan det enno var dagslys.Men då Søndmøringen runda det som var att av isodden, vart dei møtte av ein 25 meter høg brottsjø med skavl på toppen. Sjøen råka skuta med voldsam kraft, pulveriserte båtane på galgedekk, knuste rutene i styrehuset og fylte skuta med sjø. Aagaard som var på dekk på veg fram til lugarkappa, meinheldt seg i ei galgestøtte og berga livet. Det kom ikkje fleire sjøar. Og etter ei æve tok Søndmøringen sakte til å stige opp av havet.

Islyset dei såg, viste seg å vere ein isodde. Snart fekk dei ny livd. For første gong på mange dagar kunne stuerten lage dei eit varmt måltid. Men sove kunne dei enno ikkje gjere. Dei måtte på dekk og banke is. Orkanen sende ein frøs av sjø over skuta, som straks fraus til eit hardt panser. Veret betra seg litt. Det bles sterk storm frå nordaust. Og dekninga tok til å smuldre opp. Det var betre sikt no og langt inne i isen skimta dei ei råk som dei ville prøve å bauge seg inn til. Med full fart gjekk Søndmøringen innover. Skuta miste ishud og sprang lekk. Men pumpene heldt skuta flytande og dei nådde fram. Og der inne i den slakke isen låg det 15 andre skuter, mellom andre Furenak. Mannskapet var glade. Også denne runden vann dei Og stormen spakna til stiv kuling. Men det var svinekaldt; Aagaard skriv at temperaturen var 40 kuldegrader.
Den 8. april var det verste over. Men kulden heldt seg. No kunne folka om bord i Søndmøringen ta til å tenkje på dei andre skutene som dei ikkje hadde høyrt frå på fleire dagar. Det siste dei høyrde frå Pels var at ho sløra unna veret til havs. Og truleg var nok orkanen sterkare der Pels var; seks timars gonge lenger vest.

Langt nordaust om Jan Mayen låg Flemsøy i lag med mange andre skuter; mellom andre Kvitungen, Polaric, Signalhorn, Brandal og Polarsel. Flemsøy hadde ein svært kraftig radiosendar. Skipper Karl J. Brandal var uroleg fordi det var lenge sidan han hadde vore i kontakt med Pels og Buskø. Frå hamna i iskanten kalla han, dei opp, igjen og igjen, men utan å få svar.- Hallo Pels, hallo Buskø, hallo Brattind, hallo Ringsel, hallo Vårglimt , Flemsøy kallar. - Eg er bekymra for dokke. Ver snilde og svar meg på radioen så sant dokke kan. Viss antenna er blåsen vekk, så bruk telegrafnøkkelen og set radioen på full styrke, og eg skal lytte etter tre lange gjentatt med eit kvart minutts mellomrom, Over. Men frå høgtalaren kom det ikkje ein lyd. Sjølv bakgrunnsstøyen var vekk. Over svære avstandar sat folk og lytta. Men dei sakna skutene svarte ikkje.

Mange har spekulert på kvifor ingen av dei fem skutene ropte om hjelp over radio under stormen. Den erfarne radiotelegrafisten Arne Grønningseter som følgde Paul Lillenes til Kvitsjøen eit par sesongar tidleg på 30-talet, skreiv om dette i Sunnmøre Arbeidaravis onsdag 4. juni 1952: - Mine erfaringar under ishavsforhold var at under visse situasjonar med nedising og snøkave var vanleg radiosamband umogleg på grunn av støy med dei antennene som vart brukte og framleis er i bruk. Det er mi tru at vi her har forklaringa på at ein ikkje høyrde eit einaste naudrop frå dei fem vekkomne skutene sin radio.

Leiteaksjonen starta onsdag 9. april. Då gjekk to amerikanske fly på vengene frå Keflavik-basen på Island. Dei leitte i eit nærare angitt område; utan resultat. Leitinga heldt fram med fly, selfangstskuter og marinebåtar. Ingenting var å finne. Langs med strendene på Aust-Grønland søkte sledepatruljar etter vrakgods. Mannskap leitte i fjøresteinane på Island. Resultatet var negativt. Og det var ikkje råd å drage andre konklusjonar enn at dei fem skutene og mennene om bord var vekke for alltid.

Kjelder:
Ottesen, J.: Ishavsskuter 1-3
Nystrøm, K.: Alarm i Vestisen
Aagaard, A.: Vesterisen 1952
Farstad, A.: Mysteriet i Vestisen
Sunnmøre Arbeideravis
Sunnmørsposten
Vikebladet
Vestposten
Vestlandsnytt
Samtale med Ola Jarle Bigseth

No comments:

Post a Comment