Av Magnus
Sefland
Den første Jopeter var ei av dei første
spesialbygde ishavsskutene som høyrde heime i Brandal. Jopeter vart bygt av tre ved Bolsønes verft i Molde og levert i 1911.
Somme vil sikkert hugse stålskuta Jopeter
(seinare Polarbjørn) frå 1950-åra.
Stålskuta vart bygt som havfiskebåt Brategg
ved Trondhjems Mek. Verksted i 1932, same året som den første Jopeter forliste. I 1950 vart Brategg innkjøpt til Brandal og ombygt
til ishavsskute. Brategg fekk namnet Jopeter. Stålskuta vart ishavsskute
nummer to som bar det namnet. Jopeter-namnet
er ei samansetjing av Josefine og Peter, namna til reiaren Peter S. Brandal og
kona Josefine. Begge Jopeter-skutene hadde mange harde tak
med isen.
I 1916 vart den første Jopeter stoppa av den britiske marine og ført til Kirkwall på
Orknøyane. Skuta låg som prise i fleire britiske hamner i litt over eitt år.
Grunnen var at reiar Peter S. Brandal skulle ha brote norsk nøytralitet under
første verdskrig ved å selje ishavsprodukt til Tyskland. Reiar
Brandal gjekk til rettssak mot den britiske stat for å få frigitt Jopeter og dekt økonomisk tap. Saman med
ein advokat frå Ålesund var Brandal i London i om lag tre månader medan
rettssaka gjekk føre seg. Og dei vann fram. Etter dom vart Jopeter frigitt og Brandal tilkjent erstatning. Men då hadde
Brandal visstnok brukt meir pengar på rettssaka enn han fekk i erstatning.
I 1928
deltok Brandal-skutene Jopeter og Brandal i leitinga etter Roald Amundsen.
Peter S. Brandal og Roald Amundsen var nære vener. Offisielt var dei to skutene
på kvalrossfangst i dei aktuelle farvatna. I 1932 var
det altså slutt for Jopeter. Skuta
forliste i Danmarkstretet då ei iskalv frå eit flak slo hol i skuta.
Fangstskutene Gungnir og Brandal var i nærleiken og kom til.
Skipper Johan P. Brandal (’Runne-Johan’) og mannskapet frå Jopeter gjekk om bord i Brandal.
Proviant og ein del utstyr vart berga frå Jopeter,
m. a. dampfløyta og skipsklokka.
Nettopp
skipsklokka frå Jopeter hamna hos
skipper Sivert N. Engeset (1895-1980) frå Volda. Engeset - også kjend under
heidersnamnet ’Smekk’ - var skipper på Brandal det meste av 1930-talet, også i
1932, då Brandal tok opp mannskapet
frå Jopeter. Seinare hamna skipsklokka som stabbursklokke
hos gardbrukarparet Åsta (1906-79) og Olav (1903-85) Fossheim på Klepp i Volda.
Engeset og Fossheim var sambygdingar og gode grannar. I onnene hadde
Fossheim-familien nytte av klokka til å kalle folk heim til måltid frå fjerntliggande
teigar på garden. Elles var vel klokka meir ein kuriositet og vart brukt når
born skulle få oppleve korleis ei stabbursklokke lydde.
Etter mange
år vart klokka til slutt teka ned frå tårnet, då det vart oppdaga noko ugreie
med opphenget. Ola Fossheim, son til Åsta og Olav Fossheim, tok vare på klokka.
Ei tid seinare fekk Normann og Sverre S. Engeset, nå avdøde søner av skipper
Sivert Engeset, vite at klokka var teka ned. Dei kom til at når klokka likevel
ikkje var i bruk lenger, burde ho kanskje førast tilbake til Brandal, der ho
opphavleg høyrde til, og få plass i Ishavsmuseet. Sverre S. Engeset tok kontakt
med Ola Fossheim. Fossheim såg kva verdi klokka hadde for museet. Han stilte
seg positiv til tanken og gav bort klenodiet, familien sin eigedom. Sverre fekk
klokka, fekk henne pussa opp på Ørsta Stålindustri og overleverte henne til ein
takksam styrar Henrik Landmark ved Ishavsmuseet Aarvak i Brandal. Landmark fekk
tilsette ved Hjørungavåg mek. Verkstad til å lage ei ordning for oppheng av
klokka. Sidan 1990 heng altså skipsklokka frå den første Jopeter i Ishavsmuseet i Brandal. Klokka var truleg nærare seksti
år i Volda, mange av desse åra som stabbursklokke. Henrik Landmark syntest, rimeleg
nok, at Ishavsmuseet var ein naturleg plass for Jopeter-klokka. Familien Fossheim ytte Ishavsmuseet ei verdfull
teneste – først ved å ta vare på klokka gjennom fleire tiår, deretter ved å gi
den bort til Ishavsmuseet.
No comments:
Post a Comment