2012 vart ein stor suksess-sesong for
Ishavsmuseet. I det første driftsåret utan museumskonsolidering kan museet vise
til fleire nye rekordar. Omlag 10.000 menneske var innom dørene til museet i
fjor, og dette er ei auke på 75 prosent i høve til 2011 sesongen, og det klart
største besøkstalet for Ishavsmuseet nokon gong.
Dagleg leiar Webjørn Landmark jublar over
dei gode besøkstala. Det er eit stort tal, og ein viktig milepæl å nå 10.000
besøk på eit år, seier han.
Formidling av historia som Ishavsmuseet syner fram er det viktigaste
for oss på museet, og dette har vi lukkast stort med i 2012. Satsinga på
foredragskveldar med ulike polare tema har også vore ein stor suksess, og vil
halde fram med jamne mellomrom i 2013, lovar Webjørn Landmark.
Ein stor del av auka i 2012 kjem av fleire
anløp av turistbussar. Det er svært gledeleg for oss at fleire reiseoperatørar
vel å stoppe på Brandal, fortel Landmark. Tilgang til kai ved museet har også
gjort det lettare for skyssbåtar å besøke museet med passasjerar frå
cruisbåtane som anløper Ålesund.
Den store auka i besøkstal gav også nye
omsetjingsrekordar, og museet kan vise til ei omsetjingsauke på 93 prosent i
2012.
Også dette er svært gledelege tal, seier
Landmark, som også har stor tru på at 2013 skal verte eit nytt stort år for
Ishavsmuseet.
Naturlegvis var jubileet til Aarvak 100 år
med på å auke tala for 2012, men også i 2013 skal Ishavsmuseet presentere
fleire nyhende med opning av tre nye utstillingar. Deriblant del to av utstillinga
Ragnar Thorseth –Levd liv som har opning 1. mai.
Fornying er viktig for Ishavsmuseet, og siste åra har vi skifta ut
og fornya mykje av utstillingane. Mykje nytt vil også skje på denne fronten
både i 2013 og 2014.
No comments:
Post a Comment