Tuesday, July 31, 2012

Ishavet

Av Anna Josefin Jønsson

Det er noko med havet som gjer at eg lengtar ut, ut i verda, ut å oppleve. Eg kan sitte lenge berre å sjå på bølgene. Det er noko med ishavet spesielt, som eg kjenner ligg djupt inne i hjartet. Isen, motet, historia, dei barske forholda, naturen og skutene. Og gutane, som unge drog fryktlause til det kalde nord. Alle skjebnene, konene som venta heime og alle dei nesten ufattelege historiene om livet i isen.


For når eg går rundt på her på muséet om morgonen og slår på alle lysa, så er det nesten som om eg høyrer det susar litt i veggane. Eg ser for meg det yrande livet som gjekk føre seg på denne sjøbuda, korleis skutene låg utføre og all trafikken som var her, i sentrumet av selfangstnæringa vår. Eg stoppar alltid opp og ser litt ekstra på biletet av Peter S. Brandal, min tippoldefar, og undrar meg over kor modig han var. Korleis han tørte å satse på noko som ingen her hadde gjort før. Å fare i isen med ein liten seglbåt. Starte noko som skulle bli så stort. Og i tillegg bli kompis med Roald Amundsen! Eg syns det er fint å tenke på, for på ein måte er det eit bevis på at du kan klare det du vil klare. Kanskje det er derfor historia om ishavet og dei modige menn gjer slik inntrykk på meg. Kanskje det er derfor eg kjenner det så djupt inn i hjartet, kanskje er det derfor eg vert inspirert av å vandre rundt på muséet når det er heilt stille og eg er heilt åleine.

Eg er så stolt av slekta mi, av å vere ein del av det heile og over alt Ishavsmuséet får til. Og den historia som muséet fortel. På mange måtar syns eg at eg har eit visst ansvar her, formidle historia vidare. For om ikkje min eigen generasjon viser interesse og ”tek over”, er det mange ting som blir gløymde når dei eldre ishavsskipperane ikkje er her og kan fortelle oss om det utrulige livet på ishavet.
           

Kvar dag lærer eg noko nytt her. Kvar dag oppdagar eg nye gjenstandar. Kvar dag går det opp for meg at dette har ein utruleg stor historisk verdi. Eg jobbar litt med registrering og arkivering, for øyeblikket driv eg å sorterar gamle skipsdagbøker, regneskapsprotokollar og anna papirarbeid. Enorme bøker som er så tunge at eg klarer berre ei i gongen. Men inn i mellom stablar med rekneskap frå relativt nyare tid, dukka det opp ei bok som nesten ikkje hang saman. Den var i frå 1925, og det var Peter S. Brandal sin regneskapsprotokoll. Alt sirlig oppført, og eg sat med andakt og bladde litt i boka. Plutseleg falt det ut eit blad, heilt intakt og lesbart. ”Farmand – norsk forretningsblad” frå 1931, adressert til ”Peter S. Brandal, Brandal, Söndm”. Det er slike ting som gjer dagen litt bedre. Det er som å oppdage små skattar, heile tida. Og det er eg så heldig å få gjere, til dagleg.

Min store draum er å fare opp til isen, oppleve ishavet. Men kanskje er det akkurat det eg gjer no, her på Ishavsmuséet.

Tuesday, July 3, 2012

Svein Gjelseth inn i styret for Ishavsmuseet

Ishavsmuseet Aarvak heldt årsmøte førre veke. At det er stor interesse for museet om dagen vitnar eit stort oppmøte på årsmøte for. Under valet til styret for komande periode vart Svein Gjelseth valt inn i styret. Eit samrøystes årsmøte valde vidare Willy Nesset som leiar for ei periode til, og med seg i styret har han no Harald Knutsen, Bjørn Bjørkavåg, Lars Elling Bjåstad, Jens Peder Brandal, Ingunn Pettersen og Svein Gjelseth.
 
100 års jubilanten Aarvak i fokus i 2012

Ishavsmuseet har hatt ei formidabel tilstrøyming i 1. halvår 2012. Ved utgangen av juni var besøkstalet nær det same som det var for heile 2011, og museet har hatt ei omsetjingsauke på 215% i forhold til dei siste åra. Dette er eineståande og vitnar om ståpå vilje og knallhardt arbeid blant dei ansatte og dei frivillige,  og det er god grunn til å sjå like optimistisk på det som skal skje framover i budsjettåret også.
Årsmøte var svært glade for den utviklinga museet har hatt siste åra, og skrytte og takka styret og leiing for dei vala som er gjorde. Styreleiar Willy Nesset fekk kraftig applaus for den store innsatsen han har lagt ned for museet dei siste åra. Dei frammøtte fekk også ei oversikt over sponsorane og prosjektmidlane for 2012, og var storleg imponert over gjervargleda som har vore til museet.


Ref.

Saturday, May 12, 2012

Båten frå Nordaust Grønland


Ved Webjørn Landmark

For nokre år tilbake fekk Ishavsmuseet storfint besøk frå Danmark og Drøbak. Oppdraget til reisefølgjet var å overlevere ein båt frå Nordaust Grønland. Båten var «Horsa». Bygd av Wagn Kromann (1931-2007) i 1950.



Wagn var utdanna båtbyggar frå Dragør ved København. I 1950 bestilte Lauge Kochs ekspedisjonen ein båt til bruk på Ella Ø.
Wagn bygde båten «Horsa» på eit lite verft i Kastrup og følgde med båten opp til Nordaust Grønland og var der etter båtførar dei neste fire åra til 1954. Dette var med base på Ella Ø. Han hadde mange spanande opplevingsturar med båten. Ein av dei på ein tur åleine frå Mestersvig til Ella Ø i hardt ver. Han nådde akkurat fram til land då motoren sa stopp. Hadde dette skjedd litt tidligare hadde han nok aldri blitt funnen.
Wagn hadde også seinare eit par overvintringar på Ella Ø, der hundeslede brakte han vidt omkring.

«Horsa» kom mest truleg til Nordaust Grønland med «Veslekari» i 1951. Danske myndigheiter og ekspedisjonar brukte fram til 1960-talet mange ishavsskuter frå Sunnmøre. Nokre av dei mest kjende var kanskje «Polarbjørn», «Veslekari», Søndmøringen» og «Polarstar».

I åra før og etter 2. verdskrig var det store fjordsystemet omkring Kong Oscars fjord og Keiser Franz Josefs fjord i Nordaust Grønland gjenstand for store forandringar.
Opp gjennom 1930-åra og til seint på 1950-åra var det kvar sommar (med unntak av krigsåra) mange vitskaplige ekspedisjonar i området under ledelse av geologen dr. Lauge Koch. Det var også han som gav namnet til båten «Horsa». Horsa stammar frå erobringen av England i det 5. år hundre der brødrene Hengest og Horsa deltok i kampen mot Kelterne. (Wikipedia).

Hovudbasen for aktivitetane til Lauge Koch ekspedisjonane var på Ella Ø, der mannskap og utstyr vart frakta vidare ut i fjordsystemet med bl.a. båten «Horsa». Stasjonen tente dessutan som meteorologisk radiostasjon året rundt. Dette var også bakgrunnen til at stasjonen vart base for sledepatruljen Sirius frå 1950 av.
Også andre aktørar bidrog til forandringar i desse åra, først og fremst dei norske fangstmenns utnyttelse av naturresursar, og oppførsel av dei mange fangststasjonar som er i området.
Etter krigen kom Blyminen i Mestersvig med flyplass og hamneanlegg med fleire hundre manns besetning også til å prege utviklinga her i ei årrekkje.

I 1958 vart det slutt på Lauge Kochs ekspedisjonar i området, og båten vart sett på land i fjøra på Ella Ø. Her vart den liggande på stranda i 40 år. I 1998 var Wagn Kromann på ekspedisjon i området i følje med NANOK, der ei av oppgåvene var og restaurere den norske fangststasjonen Kap Petersèn i Kong Oscars fjord. Dei fann igjen båten som Wagn bygde for nær 50 år sidan på stranda ved Ella Ø. Han fikk båten forært med sledepatruljen Sirius. Båten var ikkje roten då den hadde vore djupfrosen 10 månadar i året, men var naturlegvis medtatt av ver og vind.

I år 2000 vart det sponsa frakt av båten heim til Wagn i Danmark, med båten Kista Arctica, der restaurerte Wagn båten fullstendig. Motoren var naturleg nok gåen av frostskader, men det lukkast Wagn og finne ein maken til den opprinnelege motoren, ein Solo frå 1956.

Wagn Kromann var også med å restaurere andre fangsthytter på NØG. Hoelsbu i Moskusoksefjorden i 1999. Same år var han logistisk medarbeidar ved renoveringa av den norske fangststasjonen Myggbukta som vart utført av Ivar Ytreland, Thor Malhuus og Øystein Killie. Dette arbeidet vart fullført i 2002 av Ivar Ytreland, Otto M. Martens og Peter Schmidt Mikkelsen.
I 2001 var Wagn med å restaurere stasjonen Antarctichavn i Kong Oscars fjord. Denne stasjonen var som kjent opphaldsstad for sysselmann Helge Ingstad i 1932-33. Etter at stasjonen var fullstendig renovert inn traff dessverre ei katastrofe her då eit lavineskred vinteren 2001-2002 knuste heile stasjonen til ruiner. Ei minneplate for Helge Ingstad vart seinare sett opp på ruinane her.

I 2001 besøkte Wagn Kromann med venner Ishavsmuseet i Brandal. Denne opplevinga gjorde eit sterkt inntrykk på Wagn. Seinare skal Wagn ha hatt eit håp: «Tenk om et sådant enestående museum en gang i fremtiden kunne blive et hjem for «Horsa»»

Hans håp er no gått i oppfylling, og «Horsa» er no og finne på Ishavsmuseet.
Stor takk til Ivar Ytreland for koordinering og Nanok for transporten Danmark-Brandal. Og sjølvsagt ei stor takk til familien Kromann ved Bodil og Thommas Kromann som var med på «Horsa's» siste reis til Brandal.
«Mannskap» ellers på turen til Brandal var Ivar Ytreland, Jens Erik Schultz, Henning Poulsen, Nils Lindegård og Jannik Berntsen.





Friday, May 4, 2012

På kvalross-fangst ved Øst Grønland i 1901


av Webjørn Landmark d.e.

Etter mange dagar med haling og staking inn gjennom isbaksen, så låg endeleg "Sleipner" og "Norrøna" og dreiv i stilla i slakk is utanfor Øst-Grønland.
I vaktskiftet kl 6 em kom andreskyttaren «Norrøna» ned frå topptønna og fortalde at han såg ein kvalross eit flak i retning inn mot land. Han spurde om vi hadde lyst på ein rotur. Det hadde vi sjølvsagt. Vi var ivrige etter og kome av garde, slukte kaffien i ei viss fart, og sette avstad.
Det vart ein lang rotur, då vi hadde rodd i nesten 6 timar var vi omtrent på skothald, men då jumpa også kvalrossen utfor flaket og forsvann i sjøen.
Vi var no svoltne etter roturen og hadde lyst på kaffi. Men vi hadde forsømt å ta med oss kjel og ved. Vi hogg då opp kikertskapet og fyrte med det og kokte kaffien i båt-ausa. Vi diskuterte oss i mellom kva vi no skulle gjere. Vi var komne mykje nærare landet og av fartøya våre såg vi berre topptønnene så vidt over horisonten.

Vi fekk no sjå at "Sleipner" sine to båtar og "Norrøna" sin styrbords båt kome roande innover. Vi gjorde oss ferdige og slo fylgje og innover mot landet bar det. Vi kom inn til Wollaston Forland i 6 tida om morgonen. Etter at vi hadde kokt oss kaffi og kvilt ei stund, rodde vi langs landet for å sjå etter fangst. Ut på dagen kom også fartøya inn og dei tok fast i ein grunnis, ved Kapp Herschel.

Ishavsskuta "Minna"

Då vi hadde sove ut, skulle vi neste dag ut å ro for å sjå etter fangst. Dei to styrbordsbåtane skulle ro nordover langs landet og babordsbåtane rodde sydover, over fjorden til Claveringsøya. På sydsida av øya fekk vi sjå ein liten flokk med polaroksar oppe i fjellsida. Vi var avstad og skaut desse, og bar dei ned til båtane. Med det same vi skulle til å ro tilbake så begynte det å blåse og regne. Då vi kom ut til Kapp Mary rodde vi til lands for å sjå i veret ei stund, før vi la i veg over fjorden. Våte og kalde var vi, og hadde lyst til å kome oss om bord for å få skifta på oss tørre klede. Vi meinte også at 4 mann på kvar båt skulle vere nok til å ro mote veret same kor sterk stormen var. Dermed la vi i veg. Men då vi var komne eit stykke ut på fjorden, så kom isen drivande ut, fanga oss inn og utover bar det med oss også.

Litt etter litt pakka isen seg saman rundt oss så vi til slutt ingen veg kom. Vi drog båtane opp isen. "Sleipner" sin båt låg eit stykke lenger ute. Skyttaren og dei to andre karane pakka seg inn i skinna som vi hadde flådd og la seg ned i båten.
turen vår i land hadde vi sanka saman ein heil del av den lause vinterulla frå Moskusdyra, noko av denne ulla tok eg no og stappa inn på kroppen under kleda.  

-Eg kunne sjå at karane "Sleipner" sin båt hadde fått fyr under kaffikjelen. Kaffi hadde eg lyst på, derfor la eg i veg utover isen og om bord til dei.
No fekk vi sjå at fartøya våre var under seil innanfor kanten av drivisbeltet. Vi la difor i veg innover isen, men det vart nokså langt  og då vi endeleg kom inntil dei viste det seg at fartya var drevne ned i iskanten. "Norrøna" hadde fått eit stort hol i sida og sank straks etter. Vi fekk vidt berga opp isen klærne våre og ein del proviant.
"Sleipner" også var mykje skada, men ho var tett og etter ein del represjon med fjøler og seilduk kunne ho seile heim.

mannskapa styrbordsbåtane fekk stormen over seg, drog dei båtane på land og kolva dei over seg. Dei fyrte opp innunder båtane for å varme og for å koke seg kaffi. Men karane vart heilt svarte i andleta av sot og røyk.
Dagen etter, då stormen hadde gitt seg, kom "Minna" og "Havfruen" seilande denne vegen. rodde karane ombord til dei. Men ombord i "Minna" og "Havfruen" kunne dei ikkje begripe kva slags svarte folk som kom roande. Det vart gjeta på både eskimoar og negrar.
Vi karane som no vart utan skute vart fordelte på "Minna", "Havfruen" og "Sleipner" og kom oss velberga heim igjen.
Seinare vart det dikta ei lang vise med mange vers om denne turen.


Thursday, April 26, 2012

Ishavsmuseet sesongopnar 1. mai




1. mai opnar Ishavsmuseet dørene for en ny sommarsesong.

Frå denne dagen er museet ope alle dager. 1. mai vert det familiedag med filmframsyning og eventyrstund for dei minste.

Museet opnar dørene kl. 12.00 og serverer middag, kaffi og kaker.
På menyen står kjøtkaker/Lindstrømburger med tilbehør, og pølser og chips.

Mange fikk ikkje med seg premieren på dokumentarfilmen Ishavskjerringa, og denne vert synt kl. 13 og kl 15. Ann Mari Harkjerr held eventyrstund for dei minste, under 8 år, kl. 14.00

Ishavsmuseet har hatt ein særs god start på året med fulle hus på alle arrangement, og interessa rundt Ishavsmuseet er større enn nokon gong. Dagleg leiar ved museet, Webjørn Landmark, gler seg over den stadig auka interessa kring museet, og ser fram til ein sommarsesong med rekord booking på turistbussar og arrangement. Formidling av ei spanande soge står i høgsete ved museet, og Landmark opplyser at det i løpet av sommaren også er målet og opne nye utstillingar ved museet.

Velkomne til sesongopning!!!

Monday, April 23, 2012

Fullt på museet–igjen!


Fredag 20. april var det Miss Boyd-kveld på Ishavsmuseet. Britt Aanning Aarseth fortalde om millionøsa Miss Louise Arner Boyd, og hennar spesielle liv.

IMG_5852
Då klokka nærma seg 19, var konferansesalen nær full.
IMG_5853 IMG_5862
Ein glad Willy ønskte velkommen til ny Polarkveld.
IMG_5871
Britt var overvelda over kor mange som hadde møtt opp.
Ein interessant Polarkveld, som avslutta med nydleg selkjøtgryte for dei som ønskte det.
Neste arrangement på Ishavsmuseet er tysdag 1. mai, då det er sesongopning.