Saturday, May 12, 2012

Båten frå Nordaust Grønland


Ved Webjørn Landmark

For nokre år tilbake fekk Ishavsmuseet storfint besøk frå Danmark og Drøbak. Oppdraget til reisefølgjet var å overlevere ein båt frå Nordaust Grønland. Båten var «Horsa». Bygd av Wagn Kromann (1931-2007) i 1950.



Wagn var utdanna båtbyggar frå Dragør ved København. I 1950 bestilte Lauge Kochs ekspedisjonen ein båt til bruk på Ella Ø.
Wagn bygde båten «Horsa» på eit lite verft i Kastrup og følgde med båten opp til Nordaust Grønland og var der etter båtførar dei neste fire åra til 1954. Dette var med base på Ella Ø. Han hadde mange spanande opplevingsturar med båten. Ein av dei på ein tur åleine frå Mestersvig til Ella Ø i hardt ver. Han nådde akkurat fram til land då motoren sa stopp. Hadde dette skjedd litt tidligare hadde han nok aldri blitt funnen.
Wagn hadde også seinare eit par overvintringar på Ella Ø, der hundeslede brakte han vidt omkring.

«Horsa» kom mest truleg til Nordaust Grønland med «Veslekari» i 1951. Danske myndigheiter og ekspedisjonar brukte fram til 1960-talet mange ishavsskuter frå Sunnmøre. Nokre av dei mest kjende var kanskje «Polarbjørn», «Veslekari», Søndmøringen» og «Polarstar».

I åra før og etter 2. verdskrig var det store fjordsystemet omkring Kong Oscars fjord og Keiser Franz Josefs fjord i Nordaust Grønland gjenstand for store forandringar.
Opp gjennom 1930-åra og til seint på 1950-åra var det kvar sommar (med unntak av krigsåra) mange vitskaplige ekspedisjonar i området under ledelse av geologen dr. Lauge Koch. Det var også han som gav namnet til båten «Horsa». Horsa stammar frå erobringen av England i det 5. år hundre der brødrene Hengest og Horsa deltok i kampen mot Kelterne. (Wikipedia).

Hovudbasen for aktivitetane til Lauge Koch ekspedisjonane var på Ella Ø, der mannskap og utstyr vart frakta vidare ut i fjordsystemet med bl.a. båten «Horsa». Stasjonen tente dessutan som meteorologisk radiostasjon året rundt. Dette var også bakgrunnen til at stasjonen vart base for sledepatruljen Sirius frå 1950 av.
Også andre aktørar bidrog til forandringar i desse åra, først og fremst dei norske fangstmenns utnyttelse av naturresursar, og oppførsel av dei mange fangststasjonar som er i området.
Etter krigen kom Blyminen i Mestersvig med flyplass og hamneanlegg med fleire hundre manns besetning også til å prege utviklinga her i ei årrekkje.

I 1958 vart det slutt på Lauge Kochs ekspedisjonar i området, og båten vart sett på land i fjøra på Ella Ø. Her vart den liggande på stranda i 40 år. I 1998 var Wagn Kromann på ekspedisjon i området i følje med NANOK, der ei av oppgåvene var og restaurere den norske fangststasjonen Kap Petersèn i Kong Oscars fjord. Dei fann igjen båten som Wagn bygde for nær 50 år sidan på stranda ved Ella Ø. Han fikk båten forært med sledepatruljen Sirius. Båten var ikkje roten då den hadde vore djupfrosen 10 månadar i året, men var naturlegvis medtatt av ver og vind.

I år 2000 vart det sponsa frakt av båten heim til Wagn i Danmark, med båten Kista Arctica, der restaurerte Wagn båten fullstendig. Motoren var naturleg nok gåen av frostskader, men det lukkast Wagn og finne ein maken til den opprinnelege motoren, ein Solo frå 1956.

Wagn Kromann var også med å restaurere andre fangsthytter på NØG. Hoelsbu i Moskusoksefjorden i 1999. Same år var han logistisk medarbeidar ved renoveringa av den norske fangststasjonen Myggbukta som vart utført av Ivar Ytreland, Thor Malhuus og Øystein Killie. Dette arbeidet vart fullført i 2002 av Ivar Ytreland, Otto M. Martens og Peter Schmidt Mikkelsen.
I 2001 var Wagn med å restaurere stasjonen Antarctichavn i Kong Oscars fjord. Denne stasjonen var som kjent opphaldsstad for sysselmann Helge Ingstad i 1932-33. Etter at stasjonen var fullstendig renovert inn traff dessverre ei katastrofe her då eit lavineskred vinteren 2001-2002 knuste heile stasjonen til ruiner. Ei minneplate for Helge Ingstad vart seinare sett opp på ruinane her.

I 2001 besøkte Wagn Kromann med venner Ishavsmuseet i Brandal. Denne opplevinga gjorde eit sterkt inntrykk på Wagn. Seinare skal Wagn ha hatt eit håp: «Tenk om et sådant enestående museum en gang i fremtiden kunne blive et hjem for «Horsa»»

Hans håp er no gått i oppfylling, og «Horsa» er no og finne på Ishavsmuseet.
Stor takk til Ivar Ytreland for koordinering og Nanok for transporten Danmark-Brandal. Og sjølvsagt ei stor takk til familien Kromann ved Bodil og Thommas Kromann som var med på «Horsa's» siste reis til Brandal.
«Mannskap» ellers på turen til Brandal var Ivar Ytreland, Jens Erik Schultz, Henning Poulsen, Nils Lindegård og Jannik Berntsen.





Friday, May 4, 2012

På kvalross-fangst ved Øst Grønland i 1901


av Webjørn Landmark d.e.

Etter mange dagar med haling og staking inn gjennom isbaksen, så låg endeleg "Sleipner" og "Norrøna" og dreiv i stilla i slakk is utanfor Øst-Grønland.
I vaktskiftet kl 6 em kom andreskyttaren på «Norrøna» ned frå topptønna og fortalde at han såg ein kvalross på eit flak i retning inn mot land. Han spurde om vi hadde lyst på ein rotur. Det hadde vi sjølvsagt. Vi var ivrige etter og kome av garde, slukte kaffien i ei viss fart, og sette avstad.
Det vart ein lang rotur, då vi hadde rodd i nesten 6 timar var vi omtrent på skothald, men då jumpa også kvalrossen utfor flaket og forsvann i sjøen.
Vi var no svoltne etter roturen og hadde lyst på kaffi. Men vi hadde forsømt å ta med oss kjel og ved. Vi hogg då opp kikertskapet og fyrte med det og kokte kaffien i båt-ausa. Vi diskuterte oss i mellom kva vi no skulle gjere. Vi var komne mykje nærare landet og av fartøya våre såg vi berre topptønnene så vidt over horisonten.

Vi fekk no sjå at "Sleipner" sine to båtar og "Norrøna" sin styrbords båt kome roande innover. Vi gjorde oss ferdige og slo fylgje og innover mot landet bar det. Vi kom inn til Wollaston Forland i 6 tida om morgonen. Etter at vi hadde kokt oss kaffi og kvilt ei stund, rodde vi langs landet for å sjå etter fangst. Ut på dagen kom også fartøya inn og dei tok fast i ein grunnis, ved Kapp Herschel.

Ishavsskuta "Minna"

Då vi hadde sove ut, skulle vi neste dag ut å ro for å sjå etter fangst. Dei to styrbordsbåtane skulle ro nordover langs landet og babordsbåtane rodde sydover, over fjorden til Claveringsøya. På sydsida av øya fekk vi sjå ein liten flokk med polaroksar oppe i fjellsida. Vi var avstad og skaut desse, og bar dei ned til båtane. Med det same vi skulle til å ro tilbake så begynte det å blåse og regne. Då vi kom ut til Kapp Mary rodde vi til lands for å sjå i veret ei stund, før vi la i veg over fjorden. Våte og kalde var vi, og hadde lyst til å kome oss om bord for å få skifta på oss tørre klede. Vi meinte også at 4 mann på kvar båt skulle vere nok til å ro mote veret same kor sterk stormen var. Dermed la vi i veg. Men då vi var komne eit stykke ut på fjorden, så kom isen drivande ut, fanga oss inn og utover bar det med oss også.

Litt etter litt pakka isen seg saman rundt oss så vi til slutt ingen veg kom. Vi drog då båtane opp på isen. "Sleipner" sin båt låg eit stykke lenger ute. Skyttaren og dei to andre karane pakka seg inn i skinna som vi hadde flådd og la seg ned i båten.
På turen vår i land hadde vi sanka saman ein heil del av den lause vinterulla frå Moskusdyra, noko av denne ulla tok eg no og stappa inn på kroppen under kleda.  

-Eg kunne sjå at karane på "Sleipner" sin båt hadde fått fyr under kaffikjelen. Kaffi hadde eg lyst på, derfor la eg i veg utover isen og om bord til dei.
No fekk vi sjå at fartøya våre var under seil innanfor kanten av drivisbeltet. Vi la difor i veg innover isen, men det vart nokså langt  gå og då vi endeleg kom inntil dei så viste det seg at fartya var drevne ned i iskanten. "Norrøna" hadde fått eit stort hol i sida og sank straks etter. Vi fekk så vidt berga opp på isen klærne våre og ein del proviant.
"Sleipner" også var mykje skada, men ho var tett og etter ein del represjon med fjøler og seilduk så kunne ho seile heim.

Då mannskapa på styrbordsbåtane fekk stormen over seg, drog dei båtane på land og kolva dei over seg. Dei fyrte opp innunder båtane for å få varme og for å koke seg kaffi. Men karane vart heilt svarte i andleta av sot og røyk.
Dagen etter, då stormen hadde gitt seg, kom "Minna" og "Havfruen" seilande denne vegen. Då rodde karane ombord til dei. Men ombord i "Minna" og "Havfruen" kunne dei ikkje begripe kva slags svarte folk som kom roande. Det vart gjeta på både eskimoar og negrar.
Vi karane som no vart utan skute vart fordelte på "Minna", "Havfruen" og "Sleipner" og kom oss velberga heim igjen.
Seinare vart det dikta ei lang vise med mange vers om denne turen.


Thursday, April 26, 2012

Ishavsmuseet sesongopnar 1. mai




1. mai opnar Ishavsmuseet dørene for en ny sommarsesong.

Frå denne dagen er museet ope alle dager. 1. mai vert det familiedag med filmframsyning og eventyrstund for dei minste.

Museet opnar dørene kl. 12.00 og serverer middag, kaffi og kaker.
På menyen står kjøtkaker/Lindstrømburger med tilbehør, og pølser og chips.

Mange fikk ikkje med seg premieren på dokumentarfilmen Ishavskjerringa, og denne vert synt kl. 13 og kl 15. Ann Mari Harkjerr held eventyrstund for dei minste, under 8 år, kl. 14.00

Ishavsmuseet har hatt ein særs god start på året med fulle hus på alle arrangement, og interessa rundt Ishavsmuseet er større enn nokon gong. Dagleg leiar ved museet, Webjørn Landmark, gler seg over den stadig auka interessa kring museet, og ser fram til ein sommarsesong med rekord booking på turistbussar og arrangement. Formidling av ei spanande soge står i høgsete ved museet, og Landmark opplyser at det i løpet av sommaren også er målet og opne nye utstillingar ved museet.

Velkomne til sesongopning!!!

Monday, April 23, 2012

Fullt på museet–igjen!


Fredag 20. april var det Miss Boyd-kveld på Ishavsmuseet. Britt Aanning Aarseth fortalde om millionøsa Miss Louise Arner Boyd, og hennar spesielle liv.

IMG_5852
Då klokka nærma seg 19, var konferansesalen nær full.
IMG_5853 IMG_5862
Ein glad Willy ønskte velkommen til ny Polarkveld.
IMG_5871
Britt var overvelda over kor mange som hadde møtt opp.
Ein interessant Polarkveld, som avslutta med nydleg selkjøtgryte for dei som ønskte det.
Neste arrangement på Ishavsmuseet er tysdag 1. mai, då det er sesongopning.

Wednesday, April 11, 2012

Polarkveld om Miss Louise Boyd


Brit Aanning Aarseth på Ishavsmuseet:
Polarkveld om Miss Louise Boyd

Fredag 20. april er det duka for ny polarkveld på Ishavsmuseet. Denne gang er det millionøsa Miss Louise Arner Boyd og ishavsskuta «Veslekari» som står i fokus. Miss Boyd var fødd i 1887 i San Rafael, California, og arva ein stor formue etter foreldra som var med på det store gullrushet i California frå midten av 1800 talet. Denne formuen var det som gjorde det mogleg for Miss Boyd og utruste sju ekspedisjonar til arktiske strok, og også hennar galante livsstil i San Rafael. Det var Vartdal-skuta «Veslekari» som vart Miss Boyd sin store kjærleik, og denne skuta nytta ho i 1931, 1933, 1937 og 1938.

Av mannskapet på «Veslekari» gjekk Louise Boyd berre under namnet «Misså», og det var eit særsyn og sjå «Misså» stige om bord i ishavsskuta «Veslekari» første gang i Ålesund i 1931. Det var Asbjørn Rudi frå Hovdebygda som fekk det ærefulle oppdraget og geleide «Misså», med hennar svære hermelinpels, galant om bord i «Veslekari». På hovuddekket var det satt opp to ekstra kahytter for Miss Boyd og hennar hoffdame. Ho hadde også med seg ein kvinneleg sekretær. Enda ei ekstra kahytt framunder baugen romma miss Boyd sitt filmutstyr. På denne første ekspedisjonen med miss Boyd, som gjekk til Nordaust-Grønland, var Paul Lillenes frå Tjørvåg skipper. Dei seinare ekspedisjonane var det Johan Olsen som førde skuta.


Miss Boyd var ein ivrig fotograf. I baugen på "Veslekari" installerte ho eit kjempekamera der kvalkanonen sto tidligare. Ho investerte i avansert og flott utstyr som ho gjerne viste fram. Ho hadde også med seg eigne folk til og bere kamerautstyret på nokre av turane.
Miss Boyd tok tusenvis av bilde, både farge og svart-kvitt, stills og kino. Miss Boyd tok bilde som skulle få betydning for karttegnere, geologer, og flora.

Ekspedisjonane hennar vart utstyrte med det beste av instrument. Boyd pionerte bruk av ekkolodd til vitenskapelig arbeid; på ekspedisjonen i 1933 utstyrte ho "Veslekari" med ekkolodd. I 1931 kom Miss Boyd til Nordaust-Grønland, og var den første som kunne gratulere dei norske okkupantene. (Okkupasjonen av Nordaust-Grønland). Også når det gjaldt meteorologien var Boyd ei føregangkvinne; ho telegraferte vêrmeldingar til Grønland, Island og Tromsø.

Leita etter Amundsen
Boyd var på ekspedisjon med "Hobby" i 1928 då Roald Amundsen forsvann med "Latham". Ho stilte då fartyet o
g ekspedisjonen til disposisjon for leitinga, og i tre månadar var "Hobby" moderskip for dei norske flymaskinene med Hjalmar Riiser-Larsen i spissen.

«Veslekari» som var bygd på Vollen i Asker av Chr. Jensens Båtbyggeri i 1918, vart etter kvart ei svært kjend skute med mange spanande ekspedisjonar. «Veslekari» var bygd etter same lest som dei berømte polarskutene «Fram» og «Maud», og mykje av materialen i «Veslekari» var restar etter nettopp «Maud». «Veslekari» forliste på New-Foundland i 1961.

Brit Aarseth har i mange år lagt ned eit stort arbeid for å samle historia om Miss Boyd, og Brit vil halde foredrag for oss på Ishavsmuseet kl. 19 fredag kveld. Brit skulle vere kjend for dei fleste, bl.a for det imponerande og viktige arbeidet ho har lagt ned i fartyet «Hindholmen». Som vanleg vert polarkvelden avslutta med middagsservering, og denne gangen er det igjen selkjøtgryte som står på menyen. Påmelding til Ishavsmuseet for servering.

Ishavsmuseet fredag 20. april frå kl. 19.00

For føredrag: kr 100,-
For middagsservering: kr 100,- 

Wednesday, April 4, 2012

60 år sidan katastrofepåska 1952 i Vestisen

Av Finn Sindre Eliassen.

Isflaket, polarmagasin frå Ishavsmuseet er i desse dagar ute med nytt nr. Herifrå hentar vi denne artikkelen om påskestormen for 60 år sidan der fem skuter forsvann sporlaust.

Ishavsskuta "Pels"

Eg hugsar godt frå oppveksten at dei som dreiv ishavet helst ikkje ville fortelje om forlisa og ulykkene der opp i ishavet. Og ulykkene og forlisa var det mange av. Det visste vi. Morfaren min var ishavsskipper og flink til å fortelje. Men det var dei pussige og kjekke episodane han fortalde om. Stormar og havari var ikkje underhaldning, meinte han vel. Men sidan eg er landkrabbe kan eg med godt samvit skrive om det verste ulykkesåret i Vestisen:1952. Ei drivkraft for meg er tanken på kva folket på kysten her laut utsetje seg for i striden for levebrødet.

I påska 1952 forliste sunnmørsskutene Pels og Buskø og dei nordnorske skutene Brattind, Ringsel og Vårglimt. Og 79 mann - når vi reknar med han som Arild miste - kom vekk i den verste katastrofen som har vore i Vestisen. Sjølv om skutene i 1952 var større, sterkare bygde og utrusta med fleire hestekrefter enn skutene i katastrofeåret 1917, så greidde dei ikkje stå mot naturkreftene då orkanen løyste seg. Radiotelefon hadde dei også. Likevel er det mykje vi ikkje veit om det som skjedde. Vi kjenner ikkje tidspunktet då skutene gjekk ned, men dei fleste reknar med at det skjedde 4. april. Heller ikkje veit vi for visst korleis det bar til. Ingen av dei som forliste, melde frå om vanskar av noko slag. Også denne gongen er det overlevande på andre skuter i same området, som kan gje oss haldepunkt for dramaet som utspelte seg i isen.

Då uveret kom, var Pels, Buskø og dei andre skutene som forliste, langt sør og vest på feltet, i det området rett nord for Island som har fått namnet Daumannsbukta. Den nøyaktige posisjonen er ikkje kjend. Men forskaren Per Øynes som var med Brandal, har rekna ut at posisjonen deira var 68 grader 30 minutt nordleg breidde, 19 grader vestleg lengde. Det er heile fire breiddegrader lenger sør enn posisjonen til Brandal, Flemsøy og dei andre skutene nordaust om Jan Mayen.

Vinden som der nord strauk langsmed iskanten og gav Brandal sjanse til å søkje dekning bak ein isodde, bles der sør ifrå iskanten. Dermed fordelte storisen seg utover og slitna.
Då det bles opp, kom snøkaven og sjøsprøyten slik det alltid blir når det bles opp i Vestisen. Og sikten var dårleg. Rutinemessig søkte truleg skutene livd ved å gå mot vinden, innover i den fordelte isen. Om dei hadde nok maskinkraft. Det hadde kanskje ikkje alle.

Nordlandsskutene Selfisk og Ungsel låg i det same området som Pels og Buskø under stormen. Det gjorde også Søndmøringen, Fangstmand, Arild og fleire andre skuter. Desse skutene berga seg, men det var berre så vidt. Fangstmand var på veg vestover då barometeret fall kraftig. Skipper Jon Nedrelid snudde skuta medan vinden var enno var forholdsvis spak, retning aust-nordaust og gjekk austover med full fart og roret hardt babord. Nyleg avlidne Ola Jarle Bigseth fortalde at dei gjekk langsmed ein strimle heile natta til den 4. april då det bles som verst. Hadde dei mist strimlen, hadde dei ikkje greidd å gå seg opp att slik orkanen stod på. Bigseth mintest ein dramatisk situasjon som har brent seg fast. Medan dei gjekk austover, kom det eit kjempestort isflak siglande mot skuta. Det såg ut som det skulle smelle i skutesida midtskips. Då hadde det gått gale, men dei gav på med det dei hadde i maskinen og kom seg så vidt klar.

Selfisk var inne i isen då uveret var på det verste. Dei gjekk mot vinden og observerte korleis isen stadig vart riven opp. Derfor gav heller ikkje isen skikkeleg dekning. Og sjøane fekk tak. Ein brottsjø slo inn forkant av eignarhuset og deler av rekka. I drivet vart skuta sterkt nedisa.

Då Selfisk kom til Tromsø, sa skipper Kåre Pedersen at han snakka med skyttaren på Vårglimt den 2. april. Då hadde dei det bra om bord. I nærleiken av Vårglimt låg også dei fire andre skutene som forliste. Skipper Pedersen sa at kanskje hadde dei om bord i Vårglimt trudd det var fastisen dei låg i ly av, men at det i røynda var eit stort isflak som etter kvart smuldra opp av storm og sjø, slik at skuta vart utan dekning. Og låge som dei var i hekken alle dei fem skutene, meinte skipper Pedersen at dei anten vart brotne ned av bårene eller knuste av isen.

Ungsel låg i nokolunde same is- og vindtilhøve som Selfisk. Skuta fekk skader og gjekk til Island for å reparere. Skipperen på Ungsel fortalde seinare at han på veg til Island lenge gjekk i oppdelt is før han kom ut i ope hav.

Nordlandsskuta Arild låg i plukkfangst på blueback i lag med dei fem skutene som snart skulle forlise. Veret var godt og karane var bra nøgde sjølv om det ikkje var storfangst. Men 2. april fall barometeret kraftig og vinden auka på. Skipper Wilhelmsen fortalde seinare at dei låg i livd bak ein solid isodde i lag med Brattind og Vårglimt. Eit par av dei andre skutene var like ved. Alle skutene hadde god livd; det visste Wilhelmsen. Men klokka halv fire på morgonen vart skipperen purra. Det bles sterk storm, truleg orkan. Isodden var oppeten og skutene heiv voldsamt på seg liggjande på ville havet.

Arild hadde ein sterk maskin og pressa seg opp mot vinden på jakt etter eit nytt avhald. Men fann berre slette iskanten. Orkanen hadde rive laus alle oddar. Wilhelmsen fekk snudd skuta og bestemte seg for å lense unna vinden. Og etter ei dramatisk ferd sørover - der dei mellom anna miste ein mann - kom Arild nærast som vrak inn til Island om kvelden 8. april.
Wilhelmsen peikte seinare på at dei andre skutene nok ikkje makta å gå opp mot vinden slik Arild gjorde. Dei hadde mindre maskinkraft. Mannskapet på Arild såg at Vårglimt låg pressa opp mot eit stort isflak. Dei fekk også eit glimt av Brattind i sjøroket. Skuta hadde sterk slagside. Og like etter kom det ein lukelem flygande gjennom lufta. Meir såg ikkje karane om bord i Arild til dei andre skutene.

Tjørvåg-skuta Søndmøringen var berre seks timars gonge frå Buskø og dei andre skutene då det bles opp for alvor; på veg austover. Asbjørn T. Aagaard som var med som fangstmann, har seinare gitt ut dagboka si frå ferda. Det er ei forteljing om eit drama som vi knapt kan førestille oss. Søndmøringen hadde fått om bord 1500 dyr; ein fin start på sesongen. Men så forsvann selen. Dyra var søkk vekke.

Den 2. april slo veret om. Det raste storm frå nordaust. Termometeret viste 30 kuldegrader. Skuta fann seg ein isstrimmel som gav livd. Mannskapet skalka lukene og surra alt laust; gjorde skuta sjøklar. Natta til den 4. april merka dei at avhaldet minka. Om morgonen køyrde dei skuta innover i isen. Det opne havet freista dei ikkje. Sjølv langt der inne i isen var dønningen enorm. Aldri hadde dei sett slik dønning. Det var ikkje lett å styre unna svære isflak som kom siglande. Sikten var dårleg. I periodar såg dei ikkje lenger enn fram på baugen. Frostrøyken og snøkaven stod tett. Isinga var sterk. Og mannskapet arbeidde med dei vann med å banke vekk isen på skuta for å hindre at ho miste stabiliteten og tippa rundt.

Ut på dagen den 5. april tok odden som gav Søndmøringen livd, til å misse festet i baksen. Situasjonen var kritisk. Skuta kunne ikkje gå unna veret. Då ville brottsjøane på det opne havet ta dei. Å gå mot veret hadde dei ikkje maskinkraft til. Dei måtte finne seg nytt avhald. I aust skimta dei lys av is. Dei vona at det var ein odde der. Og dei måtte gjere noko medan det enno var dagslys.Men då Søndmøringen runda det som var att av isodden, vart dei møtte av ein 25 meter høg brottsjø med skavl på toppen. Sjøen råka skuta med voldsam kraft, pulveriserte båtane på galgedekk, knuste rutene i styrehuset og fylte skuta med sjø. Aagaard som var på dekk på veg fram til lugarkappa, meinheldt seg i ei galgestøtte og berga livet. Det kom ikkje fleire sjøar. Og etter ei æve tok Søndmøringen sakte til å stige opp av havet.

Islyset dei såg, viste seg å vere ein isodde. Snart fekk dei ny livd. For første gong på mange dagar kunne stuerten lage dei eit varmt måltid. Men sove kunne dei enno ikkje gjere. Dei måtte på dekk og banke is. Orkanen sende ein frøs av sjø over skuta, som straks fraus til eit hardt panser. Veret betra seg litt. Det bles sterk storm frå nordaust. Og dekninga tok til å smuldre opp. Det var betre sikt no og langt inne i isen skimta dei ei råk som dei ville prøve å bauge seg inn til. Med full fart gjekk Søndmøringen innover. Skuta miste ishud og sprang lekk. Men pumpene heldt skuta flytande og dei nådde fram. Og der inne i den slakke isen låg det 15 andre skuter, mellom andre Furenak. Mannskapet var glade. Også denne runden vann dei Og stormen spakna til stiv kuling. Men det var svinekaldt; Aagaard skriv at temperaturen var 40 kuldegrader.
Den 8. april var det verste over. Men kulden heldt seg. No kunne folka om bord i Søndmøringen ta til å tenkje på dei andre skutene som dei ikkje hadde høyrt frå på fleire dagar. Det siste dei høyrde frå Pels var at ho sløra unna veret til havs. Og truleg var nok orkanen sterkare der Pels var; seks timars gonge lenger vest.

Langt nordaust om Jan Mayen låg Flemsøy i lag med mange andre skuter; mellom andre Kvitungen, Polaric, Signalhorn, Brandal og Polarsel. Flemsøy hadde ein svært kraftig radiosendar. Skipper Karl J. Brandal var uroleg fordi det var lenge sidan han hadde vore i kontakt med Pels og Buskø. Frå hamna i iskanten kalla han, dei opp, igjen og igjen, men utan å få svar.- Hallo Pels, hallo Buskø, hallo Brattind, hallo Ringsel, hallo Vårglimt , Flemsøy kallar. - Eg er bekymra for dokke. Ver snilde og svar meg på radioen så sant dokke kan. Viss antenna er blåsen vekk, så bruk telegrafnøkkelen og set radioen på full styrke, og eg skal lytte etter tre lange gjentatt med eit kvart minutts mellomrom, Over. Men frå høgtalaren kom det ikkje ein lyd. Sjølv bakgrunnsstøyen var vekk. Over svære avstandar sat folk og lytta. Men dei sakna skutene svarte ikkje.

Mange har spekulert på kvifor ingen av dei fem skutene ropte om hjelp over radio under stormen. Den erfarne radiotelegrafisten Arne Grønningseter som følgde Paul Lillenes til Kvitsjøen eit par sesongar tidleg på 30-talet, skreiv om dette i Sunnmøre Arbeidaravis onsdag 4. juni 1952: - Mine erfaringar under ishavsforhold var at under visse situasjonar med nedising og snøkave var vanleg radiosamband umogleg på grunn av støy med dei antennene som vart brukte og framleis er i bruk. Det er mi tru at vi her har forklaringa på at ein ikkje høyrde eit einaste naudrop frå dei fem vekkomne skutene sin radio.

Leiteaksjonen starta onsdag 9. april. Då gjekk to amerikanske fly på vengene frå Keflavik-basen på Island. Dei leitte i eit nærare angitt område; utan resultat. Leitinga heldt fram med fly, selfangstskuter og marinebåtar. Ingenting var å finne. Langs med strendene på Aust-Grønland søkte sledepatruljar etter vrakgods. Mannskap leitte i fjøresteinane på Island. Resultatet var negativt. Og det var ikkje råd å drage andre konklusjonar enn at dei fem skutene og mennene om bord var vekke for alltid.

Kjelder:
Ottesen, J.: Ishavsskuter 1-3
Nystrøm, K.: Alarm i Vestisen
Aagaard, A.: Vesterisen 1952
Farstad, A.: Mysteriet i Vestisen
Sunnmøre Arbeideravis
Sunnmørsposten
Vikebladet
Vestposten
Vestlandsnytt
Samtale med Ola Jarle Bigseth