Då ishavsnæringa hadde si storheitstid på
Brandal, var det ikkje berre dei som skulle på ishavet som hadde ei tøff tid i
vente. For heime sat dei som måtte vinke farvel til sine kjære, til faren sin,
broren sin, sonen sin og andre som dei var glad i. Heime sat dei igjen, og dei
kunne ikkje gjere anna enn å håpe på at dei kom tilbake, denne gangen også.
Isflaket har møtt Johanne Moen, som budde i Brandal på denne tida. Ho hadde ein
far som var skipper, og brødre som var i ishavet. Og ho var 15 år då krigen
braut ut i 1940.
Johanne
Moen huskar den dag i dag kjensla ho hadde då skutene var klargjorde og kasta
loss. Fullt utrusta og med eit spent mannskap la dei i frå kai og drog ut på
havet. Då hang ho ut gjennom vindauget sitt og gret, for der for dei, dei som
ho var glad i. Tårene rann uansett, for det var tungt å sitte igjen å vite at
livet på ishavet det var hardt, og det var mykje som kunne gå gale. Aldri vite
om dei kom tilbake. Johanne fortel at med ein gong skutene drog, begynte dei heime
å engste seg, vere spente på korleis det gjekk med karane i isen. Ho var
einaste jenta i søskenflokken, så det var ho og mora som sat igjen. Faren,
Matias Brandal, var skipper. Ho var vand med at han reiste, ho visste ikkje om
anna.
- Det var verre når begge brødrene
mine skulle på ishavet. Eg vart liksom åleine igjen då. Då stod eg i vindauget
mitt og gret, for det var så trist då dei drog. Eg var spent heile tida mens
dei var vekke. Spesielt den ”store gongen” fortel Johanne.
Den
”store gongen” var i 1940, då Brandalsskutene skulle til New Foundland på
fangst. Dit skulle også skuter frå nord. Men undervegs møtte dei på ein orkan. Det
var tre skuter nordfrå som kom i havsnød under denne orkanen, ”Isfjell”,
”Saltdalingen” og ”Nyken”. Desse trengte hjelp, og Brandalsskutene ”Polaris” og
”Polarbjørn”, der brødrene til Johanne var ombord, var med på å berge desse
skutene. Dei greidde ikkje å berge alle, ”Nyken” forsvann sporlaust, men
bergingsarbeidet brandølingane var med på, gjorde at dei fekk medalje med gamle
ordførar Riise på Hareid rådhus.
- Det var forferdelig trist å sitte
heime når ein visste at skuter hadde kome i havsnød under orkanen. Og ikkje
vite korleis det gjekk med brødrene mine og med Brandalsskutene. Vi sat rundt
radioen ”Huldra” og lytta spent om det var noko nytt. Eg var 15 år og gjekk på
folkeksulen, men eg hugsar at tankane mine var like mykje heime, eg var heile
tida spent og engstelig. Det var ei fæl tid vi var gjennom med New
Foundlandsturen.
Dette
var i 1940, og det var også dette året andre verdskrig braut ut. Tyskland
okkuperte Noreg, og også Brandal. All selfangst stoppa opp, og dei skutene som
var ute då krigen braut ut, dei fekk ikkje kome tilbake. Begge brødrene til
Johanne var på ishavet då dette hendte. Ein var med ”Polaris” og den andre var
med ”Polarbjørn”, og dei var vekke under heile krigen. Ho såg ikkje dei på fem
år! Det var mange brandølingar som også var i isen då, og som heller ikkje fekk
kome til Brandal igjen før krigen var over. Ho fortel at brødrene tok på seg
jobbar i Canada under krigen, og dei måtte eigentleg ta dei tilbuda som kom for
å klare seg.
- Eg hugsar så godt den dagen då dei
skulle kome tilbake til Brandal etter krigen! På den tida tjente eg hjå
Josefine på Bøen, som var tanta til mi mor. Ei snill og god dame. Den dagen
fekk eg fri for å ta i mot skutene når dei kom til land. Folk samla seg for å
sjå, og nokre gjekk på fjellet, på Skolma, for å sjå når skutene kom inn
Breisundet. På kaia venta spente familier, spente på om deira sine kom tilbake.
Eg og mi familie stod og skulle ta i mot brødrene mine. Og inn til land kom
skutene, ribba for seil, skadde og hardt medtekne. Men dei kom. Endeleg.
Den
kjensla av å sjå igjen både skuter og mannskap, etter fem år, etter ein
verdskrig, må vere nesten ubeskrivelig. Det er vanskeleg for oss å forestille
oss korleis livet var på den tida, i ei aktiv ishavsbygd som Brandal var då.
Med skutene som kom og drog, livet på ishavet, og usikkerheita heime. Då
skutene kom tilbake etter krigen, var det ikkje alle som kom den dagen. Nokre
blei igjen i Amerika for å jobbe der, og nokre kom ikkje tilbake i det heile
tatt. Johanne fortel at det gjekk bra med begge brødrene hennar, men det var
berre den eine broren som kom til Brandal den dagen. Den andre var med på
”Polaris”, men gjekk over på ei anna skute som skulle kome seinare. På ”Polaris” blei han utsatt for brann då dei
var utanfor Island, då ei kanne med bensin tok fyr ombord skuta.
Det var ei tung tid desse åra, men
det var slik livet var. Livet var ishavet for veldig mange i Brandal. Johanne
fortel at sjølv om det var tungt når skutene reiste, var det også godt når dei
kom tilbake. Det var mange skuter frå Brandal, og kveldane når dei kom tilbake
var det alltid fest og moro. Og det var stas å få vere saman med dei kjekke
skutekarane som liksom hadde ”prøvd livet” på ishavet! Då var det gjensynsglede
og takknemligheit for at det hadde gått bra, denne gangen også.
I dag er Johanne blitt 87 år, men ho
hugsar alt om korleis det var å vekse opp i ei ishavsbygd. Ho fortel denne
historia med tårer i augene og stor innlevelse, og det er ikkje vanskeleg å
forstå at dette er eit viktig tema for Johanne. Ho er veldig interessert i
ishavet og historia, og det er jo naturlig når ein har vakse opp med det, vakse
opp i ei familie der nokre haddet det som yrke. Ho synest det er viktig at denne
historia, dette livet, aldri går i gløymeboka, og ho har opplevd ting ho aldri
kjem til å gløyme.
- Det er lett å sjå på skutene at
dei har fått hard medfart og blitt skada, men ein kan ikkje alltid sjå det på
mannskapet. Mange sleit i ettertid. Min far hadde ei skute som forliste, dette
var i 1920 før eg vart fødd, men han vart aldri den same igjen etter det. Han
for aldri i isen meir, men tok seg helder jobb på Svalbard. Der arbeidde han i
Ny Ålesund med utsendingar og kolgruvedrift. Og klart det var tungt for oss som
sat igjen heime og ikkje visste korleis det gjekk med dei som var på ishavet.
Mi mor drømte mykje, hadde mange urolige netter og hadde det tungt. Ho sende jo
sine to søner ut i det ukjende og kalde, til det harde livet i isen. Og gret
det gjorde vi, kvar einaste gong vi vinka farvel til dei.