Sunday, April 12, 2015

9.april 1940


Av Helge Ødegård. 

Vesterissesongen 1940 var eg fangstmann om bord i ”Buskøy” frå Vartdal. Eg var då mellom 16 og 17 år. Dagen den 9. april hugsar eg godt enno. Selfangsten i Vesterisen var ujamn dette året. Dei beste skutene med kraftige maskiner hadde til dels gode fangstar av sel og kviting. Dei gamle skutene med svake stimmaskiner hadde stort sett lite fangst. Då vi kom fram til 9. april hadde vi drive med plukkfangst nokre dagar. Plukkfangst, det ligg i ordet, stort sett å fange enkelt dyr. Det kan variere frå 30-40 til nokre hundre for dag, ja dårlegare dagar kan det bli berre nokre få dyr. Det er mest Blueback som blir fanga slik. Ein går langs iskanten og plukkar dei dyra ein får auge på.



Den 9. april starta som vanleg. Det var vaktskifte kl. seks om morgonen og straks det vart lys nok gjekk førsteskyttaren i tønna og begynte å leite etter Blueback. I slik fangst var det vanleg at skipperen låg til litt før frukost, om lag kl åtte om morgonen. Men denne dagen var skipperen tidleg vaken. Han gjekk til bestikken og slo på radioen på mellombølgja. Normalt skulle der ikkje vere noko på mellombølgja så tidleg på dagen, det var vanleg å lytte på fiskeribølgja. Det måtte vere noko i kveldsnytt 8. april skipperen hadde merka seg.

Eg stod framme ved luka å flådde ein Blueback då eg fekk sjå skipperen kome ut frå styrehuset heilt illraud i fjeset og nedover halsen. Eg lurte på kva det var han var forbanna for, han vart raud i fjeset når han vart sint. Men han skreik ut: ”Det er krig! Tyskarane har gått i land fleire plassar i Noreg”. Han ropte også opp til skyttaren; ”det er krig!”. Eg minnes Sandvik svara; ”krig, ja vel”, så eit par sekund seinare til rormannen, ”kom litt styrbord”. Dette med krig var så uverkeleg, vi fatta det liksom ikkje. Vi fortsette med fangstinga om lag som ein normal dag. Dei som ikkje var opptekne med fangst eller hadde rortørn sat mykje å høyrde på Vigra radio. Enno kan eg ikkje fatte at vi ikkje purra frivakta og fortalde kva som hadde skjedd. Men frivakta vart ikkje purra før til vanleg tid. Fem timar seinare fekk dei vite det. Frivakta tok meldinga vår som ein spøk. Fyrbøtaren vart sint, ”slikt er alt for alvorleg og spøke med” sa han. Ja, fyrbøtaren, han Lars, var litt eldre, var vel midt i 30-åra kan eg tenke meg. Så i forhold til oss 16-17 åringane var han gamal. Lars var nygift, tok krigen tungt og tenkte på dei heime. Denne dagen, den 9. april, gjekk omtrent som ingen ting skulle ha hendt. Eg kan ikkje huske om vi såg den tyske selfangaren ”Sachsen” den dagen, men vi var nok i same farvatn.

Når eg tenker på denne dagen, ja, det blir liksom så rart og uverkeleg kor seint vi vart klar over kva som hadde skjedd. Eg vil nok tru at dei som var eldre oppfatta kva som var skjedd, men den første dagen var det liksom som vi ikkje reagerte i det heile. Då vi fekk frivakt kl 12 gjekk vi til køys som vanleg dei fleste av oss. Skipperen brukte radioen som vanleg. Hadde tyskarane hatt der eit kaperskip hadde dei peila inn heile selfangstflåten på eit blunk. Når det leid ut på kvelden hadde vi samla oss litt og det var mange som forbanna Tyskland og Hitler. Men den 9. april var stort sett ein dag med vanlege vakter og fangsting. Men ein ting var uvanlig denne datoen, skipperen var nesten ikkje i tønna for heile dagen. Det var nok ikkje greitt å vere skipper når slikt hender med kjerring og ungar heime, og ansvar for mannskap og skute.


Sunday, April 5, 2015

Selfangsten ved eit vendepunkt?


Av Webjørn Landmark

Det har vore drive selfangst langs kysten vår i fleire tusen år. Dei første som slo seg ned ute i havgapet, langs ein langstrakt kyst, gjorde truleg dette nettopp for den lette tilgangen til, og store førekomsten som var her av sel. Selen var lett å fange og gav mykje næringsrik mat til eit veksande kystfolk, sjølv om det truleg var feittet som var det viktigaste også den tida. Feittet frå selen var viktigaste kjelde for oppvarming av både telta i steinalderen, og dei første hus som kom opp langs med kysten. Ei god kjelde til lys var det også. Den rike tilgangen på spekk var viktig for at kystfolket kunne bo der ute også vinterstid.

Seinare måtte selfangaren over store hav for å sikre same tilgangen. I nyare tid kom Noreg med i selfangsten med nokre turar frå 1790 av. Det var handelsmann Buck som stod bak desse første turane, men først i 1819 kom starten på det vi kan kalle ein kontinuerleg selfangst frå Noreg. Sven Foyn kom med i selfangsten frå 1846, Tromsø kom snart etter og frå 1898 var Sunnmøringane også kome med. Det var no det for alvor vart satsa på selfangsten. Sunnmøringane forstod raskt at skulle ein få lønsemd ut av fangsten måtte ein i gang med å bygge spesialskuter til selfangsten. Frå 1910 av vaks det fram ein stor flåte med selfangstskuter spesialbygde for selfangst. Det vaks fram ei ny næring som fekk stor økonomisk betyding for heile landet. I Ishavsmuseet sitt fartyregister er det registrert 472 skuter som har gått på selfangst frå Noreg. Legg ein til kva desse skutene har hatt bruk for av utstyr, reperasjonar osv. er det ikkje vanskeleg å sjå kor viktig næringa har vore.

I toppåret 1925 fanga Noreg 400.000 sel. I 1970 var talet 163.000, og ti år etter var det kome ned i 60.000 sel. I 1990 var same talet 15.000 sel, og i 2014 var det fanga knappe 12.000 sel. Sjølvsagt var det i periodar ei overbeskatting på sel, og over tid fekk næringa dårleg rykte og kom under kraftig press frå mange kantar. Dyrevernorganisasjonar verda over gjorde seg gode pengar på å gå i protest mot Norsk og Kanadisk selfangst.  Men hadde næringa fortent dette dårlege rykte? Neppe. Alle som har kjennskap til selfangst veit at sel vert avliva på ein human og god måte. I dag vert selen avliva tre gongar. Først vert det skoten, så slått med hakapiken, for til slutt og verte blodtappa straks.

Slutt på selfangsten?
Regjeringa Solberg har bomma, og gir truleg etter for press frå EU og ekstreme dyrevernarar, og avviklar norsk selfangst når dei no kuttar all støtte til denne tradisjonsrike næringa. Det blir då vanskeleg å drive vidare. Vi har ein unik selfangst-tradisjon som med eit pennestrøk er i ferd med å bli nedlagd. Det som er minst like urovekkande er at regjeringa samstundes bidreg til å fjerne det store kompetansemiljøet på drift i arktiske strøk.

I budsjettforslaget er heile støtta til Norsk selfangst borte. I 2014 var støtta på 12 millionar kroner. Selfangstnæringa har siste åra vore driva med 80% statsstøtte, og vert den fjerna er det klart konsekvensane vert store. Det er lite truverdig at det skal vere nasjonaløkonomiske grunnar til å kutte all støtte til selfangst, i eit land som fløymer over av pengar.

-Ein absurd skuffelse
Dette var orda til selentusiast og innehavar av Polargodt i Tjørvåg, Arnfinn Karlsen, då nyhenda om kutta til selfangsten vart kjend. Karlsen har bygd opp eit komplett og flott anlegg for mottak av selprodukt. I dag det einaste godkjende anlegget i Noreg for mottak av sel. Karlsen seier at det beste nok hadde vore at støtta hadde blitt redusert til 50% statsstøtte. Dette ville ha ført til meir kreativitet og utvikling av nye produkt. Selnæringa er avhengig av at kvaliteten vert auka i alle ledd. Karlsen seier vidare at det er stor marknad for selskinn, spesielt i Austen. Han er godt i gang med å produsere spanande produkt av fangsten på 4100 sel som han tok i mot frå «Havsel» i 2014.

Den største verdien ligg nok i seloljen som er eit fantastisk og ettertrakta produkt i helsekostmarknaden. Seloljen har vist oppsiktsvekkande gode resultat i fleire medisinske studiar. No har Kina også begynt å etterspør selolje, og her er marknaden enorm. Produkt av sel er ein fantastisk ressurs. Ikkje noko anna dyr kan måle seg med ein perfekt steikt og saftig selbiff! På Ishavsmuseet har vi med jamne mellomrom selkjøt på menyen. Dette kan vere både til turistbussar, under polarkveldar og høgtidssame samankomstar. Dette er selkjøt i ulike former, men mest populær er nok stuerten si gryte med
biffstrimlar av sel. «Omega 3 i brun saus», som ein tidligare selfangar sa det.

Selfangstskipper Bjørne Kvernmo på «Havsel» har nyst vore på Ishavsmuseet og helde foredrag. Han fortel at det alt i dag vert drive med små lønningar og idealisme. Vår sterke oppmoding må vere å få attende støtta til norsk selfangst. Og den må vere stor nok til at både selfangar, reiarlag og mottak kan overleve og føre dei rike tradisjonane vidare. Fødselsoverskotet av sel er enormt. Bestanden er i sterk auke, og årleg reknar ein med at det i Vestisen vert fødd om lag 80-90.000 sel. I 2014 fanga tre skuter 11.980 sel samla.

Isflaket har i første utgåve 2015 med ein artikkel frå Mariann Mathisen om «Monumenter over selfangst», ein flott artikkel om «Polsjerna» og «Aarvak», to fartøy som i dag begge er komne på museum og minner om selfangstnæringa si store tid.

Men nye generasjonar treng også selfangarar. Vi treng å vidareføre ein utdøyande kunnskap om eit stolt og viktig yrke, ved å årvisst sende ishavsskuter på fangst. Vi treng å beskatte selbestanden på rett måte, og vi treng dei fantastiske produkta som sel kan gje oss.

God fangst!