Sunday, June 23, 2013

Den levde draumen – opning av utstillinga Ragnar Thorseth - Levd Liv del to.



Det var fullt hus på Ishavsmuseet Aarvak 1. mai. I tillegg til at museet opna for sesongen, var det også duka for storslått opning av den nye utstillinga på museet, andre og siste del av Ragnar Thorseth si utstilling «Levd Liv».

Mens folket fann vegen til utstillinga, spelte Musikklaget Melshorn flott korpsmusikk som ein forsmak på ein høgtidssam opningsseremoni. Barbro Østrem, på vegne av Ishavsmuseet, ønskte alle frammøtte velkomen til den store dagen. Ho fortel at museet har stadig fornyingar, og at denne avsluttande delen på «Levd Liv» er eit verdig punktum for Ragnar Thorseth si fantastiske historie og hans ekspedisjonar. Det er ikkje små bragder han har gjennomført, og det vert presentert på ein fin og profesjonell måte i utstillinga.

Harald Stanghelle, politisk redaktør i Aftenposten og god kamerat av Thorseth, stod for den offisielle opninga. Han synes det var fint at Ragnar går inn i tradisjonen som blir heldt levande på museet. Ragnar er, og har alltid vore, ein individualist som går sine eigne vegar, både som ekspedisjonsleiar, polfarar, eventyrar, journalist og som sunnmøring. Ekspedisjonane hans har eit individuelt preg, og individuelle utgangspunkt, men dei har alle ein raud tråd: eventyret, det å bryte grenser, vise at det som virkar umulig kan gjerast mulig. Stanghelle tok fram Saga Siglar som den mest betydningsfulle ekspedisjonen vitenskapelig. Saga Siglar var den fyrste rekonstruksjonen av handelsskip frå vikingtida, som viste at det var mulig å fare over verdshava. I tillegg til ei enorm eventyrlyst, har Thorseth også ei evne for «timing». Å vere på rett stad til rett tid. Han har knytt ekspedisjonar til jubileumsår, og ikkje minst miljøtoppmøte, og på den måten har han vore med på å synleggjere historiske hendingar for nyare generasjonar.

Stanghelle kalla Thorseth for ein realistisk fantast. Han har møtt mykje motgang, men står i mot. Han har bevist at solide førebuingar gir resultat. I 1969 var Ragnar 21 år gamal, og skulle ro til Shetland. Det var den første ekspedisjonen han la ut på, og det var på mange måtar ein framtidspeikar. Ekspedisjonen betydde mykje for det livet som står utstilt på museet i dag. Roturen var ein draum, ein idé, men også bevis på at Thorseth laga ei bru mellom draum og resultat. 500 år etter at Shetlandsøyene vart gitt vekk til Storbrittania, stod den britiske dronninga og tok i mot Ragnar på kaia då han kom fram. Ho sa ein ting: «You are crazy!» Han angrar i dag på at han ikkje svarte «It takes a fool to know a fool». Men Stanghelle understrekar alvoret i den vellykka ekspedisjonen til Shetland: Ragnar Thorseth var ein av dei få som hadde styrke til å gjennomføre. Viljen var grunnsteinen. Og no er ringen slutta, Ragnar har komt heim. Han får vere med på å opne si eiga utstilling på museum, og går då inn i rekka av norske legender på lik linje med m.a.Thor Heyerdahl. Thorseth er ein av dei få som har evna til å sjå det mogelege i fantasien, og det vidunderlege i det praktiske. Her på Ishavsmuseet kan du sjå den levde draumen. Stanghelle håper utstillinga kan vere med på å inspirere andre, og spesielt til ungdom som treng draumar. Vi har bruk for draumen, seier Harald.

Ordførar i Hareid kommune, Anders Rise, var også på plass under opninga. Han takkar Thorseth for at han valgte å ha utstillinga si på Ishavsmuseet, det betyr mykje for kommuna. Med denne utstillinga beviser han at museet har nasjonal status innan polarhistorie. Rise har også med ei helsing frå tidlegare president på Island, Vigdís Finnbogadóttir, som i lag med Dronning Sonja, var ei stor støtte for Ragnar under Gaya-ekspedisjonen.

Ei så omfattande utstilling som «Levd Liv», treng dyktige personar som står på for å få utstillinga profesjonell og reell. Firmaet som har designa utstillinga er Medicine Head, med Trond Nordahl i spissen. Trond fortel at han var svært skeptisk i starten. Det var lite pengar, men dei skulle Thorseth sjølv få på plass. Etter eit par dagar mottok Trond ein pakke i posten frå Ragnar, boka hans «Den siste viking». Inni stod det: «Trond Nordahl, les og lær. Ragnar.» Kort og godt. Etter to dagar var boka utlest og Nordahl overbevist. Etterkvart kom han oppover for å bo hjå Thorseth, for å verkeleg kome under huda på eventyraren.

Ragnar Thorseth, dagens hovudperson, fortel at å få utstillinga på plass, var omtrent som å kome tilbake til ekspedisjonstida. Han føler seg heime på Ishavsmuseet. Men det har kosta, og det var ikkje alltid like lett å skaffe midlar. Mange sa dei prioriterte barn og ungdom, men Thorseth meinar at denne utstillinga nettopp er for barn og unge. Han håper at mange let seg inspirere, at historia hans får folk til å drøyme sjølv. Ein skal ikkje vere redd for å dra ut i verda, for å drøyme. Men ein treng ikkje ta Nordpolen som fyrste tur, smilar Ragnar.

Brandalsdagane 2013: Jarle Andhøy til Ishavsmuseet


Antarktis canon 4 1117
Vi er svært glade for å kunne presentere eit av arrangementa til årets Brandalsdagar, og håper publikum tek godt imot arrangementet!
Torsdag 5. september gjestar eventyrar og ekspedisjonsleiar Jarle Andøy Ishavsmuseet Aarvak i Brandal med foredrag.
Jarle Andhøy er ein godt kjent seilar og eventyrar med mange ekspedisjonar bak seg. Andhøy kjem frå Larvik. Allereie som 19-åring reiste han ut i verda med ein 27 fots Albin Vega. Seinare har det blitt mange ekspedisjonar både til havs og til lands og fleire bøker og tv-seriar om disse. Sist no i vår med tv-serien «Tangeruddampen».
22. februar 2011 vart Andhøy og resten av mannskapet erklært sakna etter at det vart fanga opp naudsignal frå seglbåten «Berserk». Det vart gjort fleire mislukka forsøk på å få telefon- og radiokontakt med båten, før Jarle Andhøy og 18 år gamle Samuel Massie kom seg i sikkerheit ved Scott-basen i Antarktis.
berserk 1 ,  hjemmebilder canon 033
Jarle Andøy vil snakke om sine polare ekspedisjonar på Ishavsmuseet. Desse er det fleire av:
Åleine rundt Kapp Horn:Dette var Jarle Andhøys første ekspedisjon. Målet var å segle rundt Kapp Horn utan hjelp frå nokon andre. Amerikaneren David Mercy mønstra på Berserk ved verdens ende, i Sør-Amerika og segla til Antarktis. Deler av seilasen har også blitt filmatisert.
Berserk mot Nordpolen:Besetninga på Berserk drog frå Oslo, innom Shetland og nordover mot Svalbard og Nordpolen. Alex Rosen som i fjor gjesta Ishavsmuseet med foredrag var mønstra som kokk på denne ekspedisjonen.
Berserk gjennom Nordvestpassasjen: Berserk segla i Nordvestpassasjen i dei norske polarheltane sine fotspor. Før denne turen var Albin Vega skifta ut med ein noko større seglbåt i stål kjøpt på dei vestindiske øyer.
Berserk på sydpolen:Jarle Andhøy saman med fire andre mann drog i februar 2011 på ein ekspedisjon mot Sydpolen.
Med desse ekspedisjonane har Andøy rita namnet sitt inn i Norsk Polarhistorie, og Ishavsmuseet er svært stolte av å kunne ha han med show om bord i ishavsskuta Aarvak.
Arrangementet er ein del av Brandalsdagane 2013, og i samarbeid med Brandal Vel. Og som Alex Rosen i fjor, får Andøy æra av å opne Brandalsdagane.
Det vert førehåndssal av billettar på www.sjoborg.no og på Ishavsmuseet frå i dag.
Billettar: 
Du kan kjøpe billettar på www.sjoborg.no, i Servicetorget ved Ulstein rådhus (mån-fre 08-16, tlf 70 01 75 00) og på Ishavsmuseet Aarvak (ope kvar dag 12-16 i mai og september, 11-17 i juni, juli og august).
Billettprisar:
På dekk/VIP kr 500,-
På dekk/VIP med selkjøtgryte kr 600,- (mat etter showet)
Ordinær kr 250,-
Ordinær med mat kr 400,- (mat etter showet)
Dersom du ynskjer selkjøtgryte etter foredraget, bestiller du dette på Ishavsmuseet, på telefon 70 09 20 04.
Antarktis canon 4 2201