Tuesday, December 11, 2012

Ny polarbok frå Ishavsmuseet

Ny polarbok frå Ishavsmuseet:
«Soga om Aarvak»
Ishavsmuseet er ute med bok nr. seks i serien «Skuter av tre – mannskap av jern».


 «Soga om Aarvak» fortel den spektakulære historia om ishavsskuta Aarvak som fyller 100 år i år. 100 år med dramatikk, finevêrs dagar, og med skjemt og alvor i isøydet. Historia om dei modige menn som velde livet på ishavet, og om gutane som nykonfirmerte mønstra på Aarvak. Utan eit snev av tvil i sjela kasta dei loss og reiste ifrå sine kjære.

Boka fortel om gode turar på selfangst og på sildefiske. Om sumar-ekspedisjonar til Nordaust-Grønland og om harde tørn i skruisen. Om korleis det gjekk til då «Aarvak» vart utrusta til trålfiske, og om då 27 isbjørnar redda provianten då dei vart liggande faste tre veker OPPE på isen. Eit 60 års minne er også med: dagboka til Aarvak frå ulykkesåret 1952 fortel om korleis mannskapet på Aarvak opplevde stormen og leitinga etter dei sakna.

I denne boka kan du lese historiene. Fortalt av dei som sjølv var med Aarvak. Dei som fekk kjenne på kroppen kva det ville seie å vere fangstmann i isen. Dei som opplevde stormane, uvêr, og å sitje fast i skruis. Dei som hadde familiar, koner og mødre heime som venta i uvisse på om dei kom attende like heile.

Forfattarar i boka er mellom andre: Johannes Alme, Anna Josefin Jønsson, Beathe Holstad, Webjørn Landmark, med fleire.
«Soga om Aarvak» inneheld også utdrag av dagbøker heilt tilbake til starten i 1912, fram til siste ishavstur i 1981. Vi får vere med på ein seglas gjennom 100 år. Odd Bjørklo, reiar for Aarvak i ei 13 års-periode, fortel til Johannes Alme i eige kapittel i boka om Aarvak sine år i Balsfjord frå 1968 til 1981.
Mange har lang fartstid om bord i Aarvak. Fleire av dei får vi møte i boka. Mellom andre Asbjørn Saunes som kan fortelje at Aarvak, det vart heimen min det!
Anna J. Jønsson har gjort intervju med Terje Valderhaug som fortel om korleis det var å vere på trålfiske med ishavsskuta Aarvak, og Beathe Holstad skriv om førstereisguten som fikk brota hand då ein isfot slo inn i roret. Dette berre nokre av kapitla i boka.
Avslutningsvis fortel boka om korleis det var då 80 mannskapsmedlemer igjen mønstra på Aarvak til 100 års feiring i september 2012.

Aarvak tek oss i dag framleis med på eventyr, no som museumsskute ved Ishavsmuseet på Brandal. Ho står der som eit levande minnesmerke over kvardagsheltane som kjempa mot isen og vêrgudane i det kalde nord.
Ho er i dag med på å synleggjere, og fortelje om den viktige historia om selfangstnæringa på Sunnmøre.

Format: A4, full farge trykk, med godt over 200 autentiske foto.