Sunday, November 11, 2012

Johanne Moen


Då ishavsnæringa hadde si storheitstid på Brandal, var det ikkje berre dei som skulle på ishavet som hadde ei tøff tid i vente. For heime sat dei som måtte vinke farvel til sine kjære, til faren sin, broren sin, sonen sin og andre som dei var glad i. Heime sat dei igjen, og dei kunne ikkje gjere anna enn å håpe på at dei kom tilbake, denne gangen også. Isflaket har møtt Johanne Moen, som budde i Brandal på denne tida. Ho hadde ein far som var skipper, og brødre som var i ishavet. Og ho var 15 år då krigen braut ut i 1940.



Johanne Moen huskar den dag i dag kjensla ho hadde då skutene var klargjorde og kasta loss. Fullt utrusta og med eit spent mannskap la dei i frå kai og drog ut på havet. Då hang ho ut gjennom vindauget sitt og gret, for der for dei, dei som ho var glad i. Tårene rann uansett, for det var tungt å sitte igjen å vite at livet på ishavet det var hardt, og det var mykje som kunne gå gale. Aldri vite om dei kom tilbake. Johanne fortel at med ein gong skutene drog, begynte dei heime å engste seg, vere spente på korleis det gjekk med karane i isen. Ho var einaste jenta i søskenflokken, så det var ho og mora som sat igjen. Faren, Matias Brandal, var skipper. Ho var vand med at han reiste, ho visste ikkje om anna.
            - Det var verre når begge brødrene mine skulle på ishavet. Eg vart liksom åleine igjen då. Då stod eg i vindauget mitt og gret, for det var så trist då dei drog. Eg var spent heile tida mens dei var vekke. Spesielt den ”store gongen” fortel Johanne.
Den ”store gongen” var i 1940, då Brandalsskutene skulle til New Foundland på fangst. Dit skulle også skuter frå nord. Men undervegs møtte dei på ein orkan. Det var tre skuter nordfrå som kom i havsnød under denne orkanen, ”Isfjell”, ”Saltdalingen” og ”Nyken”. Desse trengte hjelp, og Brandalsskutene ”Polaris” og ”Polarbjørn”, der brødrene til Johanne var ombord, var med på å berge desse skutene. Dei greidde ikkje å berge alle, ”Nyken” forsvann sporlaust, men bergingsarbeidet brandølingane var med på, gjorde at dei fekk medalje med gamle ordførar Riise på Hareid rådhus.
            - Det var forferdelig trist å sitte heime når ein visste at skuter hadde kome i havsnød under orkanen. Og ikkje vite korleis det gjekk med brødrene mine og med Brandalsskutene. Vi sat rundt radioen ”Huldra” og lytta spent om det var noko nytt. Eg var 15 år og gjekk på folkeksulen, men eg hugsar at tankane mine var like mykje heime, eg var heile tida spent og engstelig. Det var ei fæl tid vi var gjennom med New Foundlandsturen.

Dette var i 1940, og det var også dette året andre verdskrig braut ut. Tyskland okkuperte Noreg, og også Brandal. All selfangst stoppa opp, og dei skutene som var ute då krigen braut ut, dei fekk ikkje kome tilbake. Begge brødrene til Johanne var på ishavet då dette hendte. Ein var med ”Polaris” og den andre var med ”Polarbjørn”, og dei var vekke under heile krigen. Ho såg ikkje dei på fem år! Det var mange brandølingar som også var i isen då, og som heller ikkje fekk kome til Brandal igjen før krigen var over. Ho fortel at brødrene tok på seg jobbar i Canada under krigen, og dei måtte eigentleg ta dei tilbuda som kom for å klare seg.
            - Eg hugsar så godt den dagen då dei skulle kome tilbake til Brandal etter krigen! På den tida tjente eg hjå Josefine på Bøen, som var tanta til mi mor. Ei snill og god dame. Den dagen fekk eg fri for å ta i mot skutene når dei kom til land. Folk samla seg for å sjå, og nokre gjekk på fjellet, på Skolma, for å sjå når skutene kom inn Breisundet. På kaia venta spente familier, spente på om deira sine kom tilbake. Eg og mi familie stod og skulle ta i mot brødrene mine. Og inn til land kom skutene, ribba for seil, skadde og hardt medtekne. Men dei kom. Endeleg.

Den kjensla av å sjå igjen både skuter og mannskap, etter fem år, etter ein verdskrig, må vere nesten ubeskrivelig. Det er vanskeleg for oss å forestille oss korleis livet var på den tida, i ei aktiv ishavsbygd som Brandal var då. Med skutene som kom og drog, livet på ishavet, og usikkerheita heime. Då skutene kom tilbake etter krigen, var det ikkje alle som kom den dagen. Nokre blei igjen i Amerika for å jobbe der, og nokre kom ikkje tilbake i det heile tatt. Johanne fortel at det gjekk bra med begge brødrene hennar, men det var berre den eine broren som kom til Brandal den dagen. Den andre var med på ”Polaris”, men gjekk over på ei anna skute som skulle kome seinare. På  ”Polaris” blei han utsatt for brann då dei var utanfor Island, då ei kanne med bensin tok fyr ombord skuta.
            Det var ei tung tid desse åra, men det var slik livet var. Livet var ishavet for veldig mange i Brandal. Johanne fortel at sjølv om det var tungt når skutene reiste, var det også godt når dei kom tilbake. Det var mange skuter frå Brandal, og kveldane når dei kom tilbake var det alltid fest og moro. Og det var stas å få vere saman med dei kjekke skutekarane som liksom hadde ”prøvd livet” på ishavet! Då var det gjensynsglede og takknemligheit for at det hadde gått bra, denne gangen også.

I dag er Johanne blitt 87 år, men ho hugsar alt om korleis det var å vekse opp i ei ishavsbygd. Ho fortel denne historia med tårer i augene og stor innlevelse, og det er ikkje vanskeleg å forstå at dette er eit viktig tema for Johanne. Ho er veldig interessert i ishavet og historia, og det er jo naturlig når ein har vakse opp med det, vakse opp i ei familie der nokre haddet det som yrke. Ho synest det er viktig at denne historia, dette livet, aldri går i gløymeboka, og ho har opplevd ting ho aldri kjem til å gløyme.
            - Det er lett å sjå på skutene at dei har fått hard medfart og blitt skada, men ein kan ikkje alltid sjå det på mannskapet. Mange sleit i ettertid. Min far hadde ei skute som forliste, dette var i 1920 før eg vart fødd, men han vart aldri den same igjen etter det. Han for aldri i isen meir, men tok seg helder jobb på Svalbard. Der arbeidde han i Ny Ålesund med utsendingar og kolgruvedrift. Og klart det var tungt for oss som sat igjen heime og ikkje visste korleis det gjekk med dei som var på ishavet. Mi mor drømte mykje, hadde mange urolige netter og hadde det tungt. Ho sende jo sine to søner ut i det ukjende og kalde, til det harde livet i isen. Og gret det gjorde vi, kvar einaste gong vi vinka farvel til dei.